Sider
▼
mandag 29. juni 2009
Ruskeslått
Varm sommar med god høytørk
Ikkje så glad
Eg vart ikkje det minste glad då eg skulle heim frå NM i folkemusikk på Gjeilo. I den ljose sommarnatta hadde ein eller annan - eller kanskje fleire mora seg med å tømme dekka på høgre side for luft. Vidare var lakken opprispa på båe dørane på høgre side. Men det likaste; på taket var det innrispa eit mobilnummer, her vart det tilslag på 188. Mobilnummeret på panseret var det ikkje treff på, sikkert eit kontantkortabonnement. Lensmannen tykte det var greitt å få desse nummera.
Det som redda dagen var supervelviljug frivilligmannskap som tok opp mobiltelefonen sin. Om nokre få minutter kom Jon Åge, vakthavande ved Hallingdal Kraftnett, som ein reddande engel. Han sjekka også om ventilane var i orden, lurte på om det var diesel på tanken og ynskte meg ein god tur heim.
søndag 21. juni 2009
lørdag 20. juni 2009
Sotajazz
onsdag 17. juni 2009
fredag 12. juni 2009
Hakkebakkeskogen i Bismo
10. klasse hadde i kveld førestillinga "Hakkebakkeskogen".
Det var deira tolking av liv og leven i Hakkebakkeskogen som vart framsynt i Bismo. Regien var ved Aud Hove, det er stort kva ho får lokka fram av song og skodespelartalent i ei elevgruppe.
Eg hadde invitert "Lalmsjentene" to supre jenter som eg er gammeltante til. Dei to, tykte at Hakkebakkeskogen var litt skummel og litt tøft og svært spanande. Etterpå vart det foto av dei saman med bestemor Skogmus.
mandag 1. juni 2009
Vår på yste Reset


1. pinsdag, sol og vår på yste Reset i Lundadalen. Der er det vakkert heile året, men ekstra stas når lapprosa blømer.
