Det er korallrev like i strandkanten slik at vi kunne snorkle. Første runda måtte eg ha skikkeleg support frå Brit. Etter at Brit og Vidar hadde vore ute og snorkla kunne dei fortelja at det var skilpadde å sjå, like inntil land. Dei var sikre på at eg kunne sjå viss eg gjekk å stakk hode under vatn... Og slik gjekk det. Eg stakk hugu under vatn og der såg eg skilpadda. Da vart eg så ivrig at eg snorkla på eigen hand.... slik nokre få meter frå land. Resultatet vart at eg såg mange forskjellige fiskar. Det er supefint når sola skin og fiskane skin i mange fargar. Eg har ikkje utstyr til å fotografere under vatn. OG så har eg raudaste ryggen i Haiku Road. Det er nok mogleg at eg skifte skinn....
Sider
▼
torsdag 30. juni 2011
Ny dag, ny stand
Det er korallrev like i strandkanten slik at vi kunne snorkle. Første runda måtte eg ha skikkeleg support frå Brit. Etter at Brit og Vidar hadde vore ute og snorkla kunne dei fortelja at det var skilpadde å sjå, like inntil land. Dei var sikre på at eg kunne sjå viss eg gjekk å stakk hode under vatn... Og slik gjekk det. Eg stakk hugu under vatn og der såg eg skilpadda. Da vart eg så ivrig at eg snorkla på eigen hand.... slik nokre få meter frå land. Resultatet vart at eg såg mange forskjellige fiskar. Det er supefint når sola skin og fiskane skin i mange fargar. Eg har ikkje utstyr til å fotografere under vatn. OG så har eg raudaste ryggen i Haiku Road. Det er nok mogleg at eg skifte skinn....
tirsdag 28. juni 2011
Akvariet på Maui
søndag 26. juni 2011
Ananas
Konklusjon; ananas er best å ete....
lørdag 25. juni 2011
Bryllup på stranda
gjekk føre seg litt bortpå stranda...
Til venstre for sermoniområdet var det rigga bord og stolar. Grillsjefen hadde på hawaiiskjorte og ved sida av han låg ein mastiff med ei rompe som sikkert hadde vore av.
Grillosen dreiv over heile beachen og etterkvart vart volumet på musikken skrudd opp.
Det var ikkje små høgtalarar!
Her er det fisk på menyen.
fredag 24. juni 2011
Yoga - yes!
Beginners økt mellom kl 11 og 12.30 i dag...
Jammen gjer det godt å få strekt på skrotten...
torsdag 23. juni 2011
Maui sør
I 1790 var det eit vulkanutbrot der, og området er framleis lava-land. Vi parkerte ved
La Pèrouse Bay og gjekk langs stranda, det var trakka ein stig i lavaen.
Her var det utruleg flott.
Her var det utruleg flott.
bølgetoppar over turkis hav, blå himmel og steikande sol.
Ute i bølgane svinga surfarar seg....
Bukkar med flotte horn, geit og kje i alle storleikar smatt rundt i lavasteine og vegetasjonen.
Ein perfekt stad å vera fri og vill geit!
Og dette er verkeleg ei stor strand med fin sand.
Her hadde hippiane storheitstida si på 70-talet.
Vidar tok med Idunn slik at ho fekk bløytt seg.
slik at dagens middag vart mellom anna ferske maiskolber med smør!
Vi kjørde innom Wailea. http://youtube/SKJo2wWg63Q
Her er det turistverksemd for alle penga. Store resort- områder, velstelte parkar og barberte golfbaner.
Vi kjøpte oss is og var innom ein matbutikk og handla med oss
Det kan vera ein ide å laste ned google earth og søke på dei områda som eg skriv om, då vil du få betre oversikt over kvar vi fer.
onsdag 22. juni 2011
Nordvest Maui
Kjeks og niste er gull.
På denne delen av øya kjem det ikkje så mykje regn, det er regnskugge.
Lurar på om det heiter saugjerde her.........
Nakalele Blowhole skulle vera nede her..
Jepp, her spyttar Stillehavet opp gjennom eit hol i lavasteinen.
- Såg du den???
Turen gjekk vidare og vi stoppa ved Honolua Bay .
Det er ein draumestad for snorkling. Idunn tykte det var stas å speide frå teppe sitt under eit tre. Det var både katt og høner å sjå på ved sida av mykje folk.
Middagstopp i Lahaina, her var det servering med havutsikt!
Brit var med meg slik at eg og fekk sett det yrande livet på og rundt korallreva.
Eg sleit stygt med å bruke froskeføtter... men etter gode råd og
trøstande ord frå Brit gjekk det seg til.
Eg vart etterkvar svært så ivrig.
Neste gong skal eg nok greie det sjøl. Trur eg.
frodig skog mellom vegen og Honoluabukta.
Her var det lianer og hengane blad og busker overalt.
Det var planter som eg kjende att frå potteplanteutvalet i Skjåk og mykje anna grønt som eg ikkje veit namn på.. Men fint!
Brit kunne fortelja finst ikkjat det finst ikkje slangar på øya.
Da kjendes det trygt ut å sjå tilvers i staden for stigen og kvar eg skulle setja føtene.
Før og etter Lahaina har det vore storstila turistutbygging. Det var også tørrare, i åsane innanfor var det avsvidd, her er det lenge sidan det regna. Det er regnskugge som forslår. Eg såg også eit område med spreiarar på. Vatningsanlegg!
tirsdag 21. juni 2011
mandag 20. juni 2011
Morgo i Haiku road
I går såg eg Hawaai-roser som store trær, dei var brukt som hagehekkar, dei blomstra i raudt, rosa og gult. Det er trær av trillingblomster her og på landbrukslandet rundt boligfeltet her blir det dyrka sukkerrør. Beitande bufe såg eg også i går. I lia bak oss her blir det dyrka store mengder ananas.
På turen ned til stranda i går, vi var på Kanaha Beach såg eg området der det var heller tørt. Eg har drivi å lese ein guide att, og der står det at klima og nedbøren varierar. Høgaste fjellet her, Haleaka er over 10000 feet høgt. Der ser tørt ut på toppen...
søndag 19. juni 2011
Første feriedag
Kvaliteten på anan as, mango og papaya er upåklageleg. Det er dyrka i nabolaget, og dermed fått modne på planta for innhausting. Frukta har ei sødme som vi ikkje finn heime - når frukta må modnast undervegs.