onsdag 30. desember 2009

Godt nyttår!

Full måne, kaldt, klårt og nytt år!
Ynskjer døkk alle eit gjevande 2010!

Nattsending i Ottadalsradioen

Tekniker Are er heilt avgjernade for at
Finn og eg kjem på lufta med gamle slagere og gode leikje
Finn hadde laga konkurranse der lyarane våre skulle stokke bokstavar i rett rekkefylgje for å få ei ord som skildra ein gjenstand eller eit gjeremål frå før i tida.
Dialekt er eit godt utgangspunkt for konkurranse

Denne gongen var det eg som hadde sett saman musikklista.
Meld deg til teneste og lag ei nattsending i radioen du og. Få med deg ein makker og gå i gang. Det er inspirerande og skjerpande å sitte der når lampa lyser raudt og du er på lufta.
Det er så mykje å lage program for og over.
Lokalradioen er viktig for dialekta vår, for kultur og lokal aktivitet.
Spel og dans folk, husflidsfolk, kulturlandskapsfolk, landbruksfolk, fotofolk, språkfolk, fjellfolk, turfolk... her finst det mange radarpar som kan dele opplevelser, kunnskap og interesse med lyararne i Ottadalsradioen.

Telefonvaktane hadde ein stri tørn, konkurransa om ord skapte engasjement


Nokre julebilder til

Mor deler gladeleg julematen med Varga. Varga veit å setja pris på vennskapet med mor.
Treet i søre stugu.

Englekoret på plass

søndag 27. desember 2009

Julehuset

Jul!

Julesnø

Makan til julestemning som det vart i år.
Eg er så heldig at naboen kjem innom med traktor og snøfres.
Men litt finpuss kan ein gjera med manuelt arbeid.

Moro med vintermotiv

Det er alltid moro å søke etter eit blinkskot med slik ei linse... Men eg tykte det var heilt topp å fotografere fotografen... sjekk Berre Brit for å sjå om det er eit eller fleire fine bilder.

onsdag 23. desember 2009

Julekule

Nå er juletrea på plass. Etter fleire år utan tre, kom det inn to juletre i år. Må vedgå at at det var fint å finne fram at dei gamle julekular. Ei god jul står for døra.

tirsdag 22. desember 2009

Sauhugukveld i Bråtå

- Dette lukta godt, sa nissen og drog inn over gløggkoppen. Han la til at det var ganske interessant at folk hadde rusk oppi koppen, og lurte på om høymå hadde gjort same nytten. Men etterkvart forstod han kvifor kvelden starta med duftande gløgg, då hovudretten kom på bordet.
- Å ete sauhugu er ganske barbarisk, tykte nissen og la til at han hadde mange fine stunde saman med sauen i fjøset...Men folk tenker nok ikkje slik, filosoferte han

Da er mylsa langt meir i samsvar med nissetanker. Dette er laga på nysilt mjølk.

Kaker smakar alltid fortreffeleg, og nissen var litt usikker på kva side av fatet han skulle byrje. Dette var traktering som passa ein slikkemunn.

Nissen var litt skuffa over at katten helst ville sova, i staden for å prate ved han....

Nissen lurte fælt på om han vart synleg på foto.... Han hadde trampa rundt på bordet heile kvelden og han var sikker på at ingen hadde sett han...

Kaldt

Nissen var godt nøgd då han såg på tv at det skulle bli kaldver. Og kaldt vart det og er det.... Om dagleglivet blir noko meir utfordrande med 25 minus, må ein berre lyfte blikket og sjå kor vakkert det også kan vera.

Slagje storrumbrød

Slik lykke, sa nissen og spratt lett oppå baksfjøla. Han ville sjekke at han hadde lukta rett; om det verkeleg var slagje storrumbrød som var baka. Dette er ekte bakst frå Skjåk. Og om ikkje alt blir ete i jula, så er det prima nistemat. Slagje storrumbrød med G35 frå Lom og Skjåk Dampysteri, det kan både nisser og folk gå langt på.

torsdag 17. desember 2009

Snipper er saker

- Snipper er saker for ein kald nisse, sa han og kleiv oppå bordet. Stabelen skulle sjekkast nøye. Etter ei stund konkluderte han med at i natt blir han inne og et snipper. Minus 23 fristar ikkje når det er ferskt bakst å kose seg med innved omnen.

onsdag 16. desember 2009

kald vinter i vente

Nissen lurte svært på om vi hadde bruk for den nye flatskjemen. Nå har vi hatt fred for TV sia mars. Men da han såg på vermeldinga og Fann ut at Kald vinter var i vente, med tykte han det var greitt nok 40 tommer. Og han hinta til dei kvite klimaflyktningane at nå kunne dei ut att ..

søndag 13. desember 2009

Julelunch

Julelunch på Fossheim Turisthotell i Lom er etterkvart vorte ein tradisjon. Ei matoppleving som vi gler oss til heile året. Her er det rikeleg med god julemat. Ettersom dette går føre seg på dagtid, så er det topp for både store og små.
Her er familien i gang..

Edel Marie likar best mjukbrødbeta, og greier fint å lage sjøl1

Ingrid Louvise plukka av godsakene av varmrettane

Etter desserten måtte dei berre prøve pianoet littegrann..

Flott med ei sprek oldemor!

Varga fekk smake på ribberester då vi kom heim. Ho tykte at maten var super!

onsdag 9. desember 2009

Nesten ny

Han vart nesten ny, sofaen som fekk to omganger med kvit måling og nytt trekk på putane. ein tur til "Herligheten" i Ålesund resulterte i fem meter møblestoff. Det vart tre kveldsøkter med sying, og sofaen vart god som ny. Nissen kom og stilte seg opp på bordet, og tykte det vart ikkje så verst. Men han var litt engsteleg for å lorte ut dette ljose stoffet, og foreslo at neste gong sofaen skulle få nytt trekk, måtte det vera noko som ikkje var så "sulkasamt".

Snill tante

Varga har funne ut at dersom ho set seg og stirer inderleg og sukkar tungt, så bryt tante saman. Og verdens beste hundemiddag blir resultatet. Saus smakar fortreffeleg!

søndag 29. november 2009

Nye naboar

Om eg ikkje har fått nye naboar, så har naboane kjøpt seg nye dyr. Både bukk og geit har flytta til Nørdre Dei driv og gjer seg kjent, bukken var svært interessert i kven eg var. Då han skjønte det var fotografering på gang,
stilte han seg opp, og gjorde seg så fin han kunne.
Geitene vart etterkvart interssert, men konkluderte med at eg hadde ikkje med mat.
Då var det likare å bruke dagslyset på å gnage kvist og kvas attåt ei høytugge. Både bukk og geit har byrja å gle seg på sommar og grønt å bite i. Dei har planer om å ta opp kampen mot attgroing.

Vinter og julestemning

Stille, fint vinterver med litt nysnø inspirerte Varga og meg til å fyre i bålpanne, henge kuler i treet og ikkje minst ut på ettermiddagstur.
Varga måtte sette seg ende ned får å studere på kva dyr som eigenleg var nedi skogen.
Null interesse ettersom det viste seg å vera hest.

Grått golv

Golvet i gammelstugu skal opp - og isolasjon ned. Men slik arbeid driv ein med om sommaren. Derfor vart det svært så høveleg å måle golvet grått. Da får eg testa korleis det blir med grått golv og slottsrosa veggar.. Over helga, når målinga er herda, skal jula inn.

onsdag 25. november 2009

Godt jobba

- Godt jobba, sa nissen som kom innom i kjellaren i kveld. Han var lei av å stå ute og vente på jula. Ikkje triveleg i det heile tatt, med vind, tøyr og regnyrer.
Han såg seg rundt etter Vianvang-dram. Det ville vera supert med ein skvett Vianvang-dram attåt råkåfisk og hardbrød. Men både han og eg må vente til nærare jul med slik drikke

Drammen

Flott bru over Drammenselva! Sist helg var årsmøtet til LfS arrangert i Drammen. Det vart tid til ein rusletur langs Drammenselva på ettermiddagen. Der var det fint tillaga!

onsdag 18. november 2009

iktifaga

I festsalen på Storhove er vi, kursdeltakarar på kurset iktifagene samla. Her klikkar vi og kjempar oss inn i den digitale verda, og reknar med at oss etterkvart kan nytte kunnskapen vår i arbeidskvardagen.
Fin sal og høgt oppunder taket..

mandag 16. november 2009

Fort gjort

Kesp tykte det var lett å danse med dokkemann!
Dette var oppvarming til ein flyttesjau innandørs.
Det er fort gjort å få unna ommøblering når ein er hjelpa.
slik ja..
Nå er det slik, inntil det kjem gjester som vil vera med på ei eventuell ommøblering...

Det skal vera slik i nokre dagar i alle fall....

Klimaflyktningar

Desse to kvitnissane er klimaflyktningar. Dei kom å banka på, og ville ha plass på det kvitmåla skåpet mitt. Det var heilt uråd for dei å kamuflere seg ute, bart som det er. Inntil vidare er dei innvilga opphaldsløyve i stugu. Berre snøen kjem så vil dei ut att....

søndag 15. november 2009

snø og så tøyr

Laurdag var det rett så guffent rundt øyra på nissen som så trufast har venta på snø og vinter. Han har venta ein månad, han stilte seg opp vinterdagen..
Vintergleda vara ikkje lenge. I løpet av natta og sundag så vart det tøyr. Nå er det berre å vente att.