Ein strålande dag som Idunn starta med å teste kajakken...
- Den er min, sa ho og sette seg til å vente på at eitkvart skulle skje..
Etterkvart kom vi i veg, og stoppa i Lom for å bunkre niste.
Schakenda-skive gjer godt når bading ved Liabrua er booka.
Idunn slo fast at vatnet var is-kaldt og tykte at varm sand var perfekt.
- Perfekt,sa Brit også da ho kom til Liabrua
Ho hadde stand up paddla frå Tronodden og nedover elva.
Brettet skapte interesse og med litt instruksjon var det klart for prøving.
Is-kaldt, men det går bra...trøsta ho seg sjøl med
Krister fatta fort poenget med å skifte tak etter kva side han skulle padle på
Idunn var heldig og fekk sitja i båten
Så var det turen komen til Vidar. Brit svippa han nordpå Tronodden og så sklei han nedover elva.
Da måtte eg prøve og. Kjem til å prøve meir, det gjekk fint i skjørt!
Middag i Urtehagen ved Fossheim var ein perfekt avslutning på dagen!