søndag 30. august 2009

Gallerimuseumlagerlåve

Eg hadde det moro i går, då eg skura og vaska låven. I dag har vore endå morosamare, eg har bore inn gevir, bord, stolar og anna ting og tang. Har dandert og dilla, det er kjempemoro å lage gallerimuseum. Eg har att å henge opp fleire reinsgevir. Trur eg treng litt hjelp, for dei skal høgt opp mot mønet.
Dette geviret skal eigenteg inn i søre stugu, men i dag kom det plutseleg opp i landsfestivalhjørna på låven.

Glytt inn i glasveranda

Når kjøkkenet er kvitt, grått og svart, må det vera farger andre stadar. Ein glytt innpå verandaen viser orange... Er godt i gang med å etablere koseplass!

Kvitt, grått og svart

Måling er ei rimeleg og rask metode for å forandre hjå seg. Kjøkkenet mitt vart kvitt, grått og svart. Akkurat slik som ein ser i alle boligannonser i Aftenposten... Før var det trekvitt som hadde blitt tregulorange. Mellom overskap og kjøkkenbenk var det raudtorange tapetliknande veggbelegg. Nå skal det få vera slik ei stund.
Syngedame i glaskarmen og koriander i potte....
Ventilatorhetta fekk ei runde med svart bengalakk. Nå står det att å finne på noko lurt mellom ho og ovn. Har ein del planer. Plutseleg har eg funne på noko som akkurat da er ganske lurt!

lørdag 29. august 2009

Låvevask

I dag har eg gjort noko eg har gledd meg på i heile sommar. Eg har vaska den gamle tømmerlåven.
Eg har brukt nokså lang tid på å få ut alt som var lagra. Og å finne ut kva som var verneverdig og kva som skal kastast.
I dag var det klart og med kost, grønnsåpe og salmiakkvatn vart veggar og golv skura. Høgtrykkspylaren var også ein god hjelpar. I morgo skal eg til å ordne - frå i morgo av skal dette vera eit galleri. I alle fall skal ting og tang hengast opp og ordnast slik og så... og da blir det gallerimuseumlagerlåven min.

Moro

Grandiost på Grand

I samband med organisasjonasarbeid, var det kurs i Oslo. Denne gongen var det reservert rom på sjølvaste Grand Hotel. Flott å kunne bu så fint - og med grandios ljoskrone i trappeoppgangen. Suverent. Og der var det verkeleg ekte juice. Der kaffi og te var servert i samband med frukosten, stod ei jente og pressa juice av forskjellige frukter. Her var det rein appelsinjuice eller miksa med andre frukter. Luksus!

søndag 23. august 2009

Ferdig uttapå


Så langt er verandaen, både den innbygde og den som er i friluft ferdige. Det er eit pirk utan like å måle glaskarmar, nå har eg att berre inne.... ynskjer meg ein lang haust. Eg har att å måle glaskarmane på resten av huset. Men eg må da ha noko å gjera neste sommar og.
Posted by Picasa

onsdag 19. august 2009

Galdhøpiggen i dag

Super-duper tur til Galdhøpiggen i dag. Desverre kom skodda på toppen, men vi hadde godt humør og fin tur. Det var god sikt til vi kom opp i piggurda og vi kom under skodda då vi kom til endes på Styggebreen.

tirsdag 11. august 2009

Langdag med resultat

Dagen starta med å hente meir material, og plutseleg var det også ei ny ytterdør på lasset. Først vart det kledd inn rundt det nye glaset slik at den grøne og den orange elgen hadde ein stad å flytte til. Deretter var det fort gjort- ei dør ut, ei dør inn.
Så var det prosjekt glasveranda med eigen inngang frå uteveranda. Taket kom på plass.

Det er alltids råd med ei pølse som er for lang!
Vinklesliparen skar villig vekk det som var for langt takutstikk.


Dette blir bra - når det blir ferdig og rydda.
Den orange er godt tilfreds med plasseringa si.

Krabbeklør til kvelds, passe mat å roe ned hammaren med når eit spikarslag gjer nytten som bord!

mandag 10. august 2009

Vidareutvikling

Etter at dei nye vindauga kom på plass i dag, var det tid for å vidareutvikle glasverandaen.
Dette er gjenbruk av gamle glas, slik at design må tilpassast det som er.
Å kome i stilling for å skru i skruane må også tilpassast det som ein tilgjengeleg å klive på.

Må lage eit solid tak, eit som står for nedbør og vindkast.

Ser er nesten ut som han har tenkt å ta takplater frå det andre taket.
Må nok finne fram plater og anna virke til i morgo.
Då spørst det om eg kan legge ut nye foto av ein glasveranda som er klar for måling.
Akkurat i dag trur eg at det skal bli kvitt rundt vindauga, same farge som dei nye.

Tur til Tresfjord

Sundagsturen denne helga gjekk via Lesja og Romsdalen
og i Måndalen måtte vi berre stoppe ved denne roseprakten. Utanfor bygget til Wenaasgruppen
var rosebløminga heilt utruleg. Vi som bur i "fjellet" får aldri slike mengder med vakre og velduftande roser i hagane våre. Til det er klima for krevjande.

Ei rose av ei mor og hundrevis andre roser.

Vi vitja slekt i Tresfjord, her vart det sundagskaffi og triveleg prat.

Turen gjekk vidare over Kjersheimseterfjellet, stopp både ved rasteplassen Kokstein og ved denne fabrikken på Dyrkorn.
Etter ferga Linge - Eidsdal svinga vi innom Norddal og kjørde over Hjellane før Eidebygda, Ørnevegen, Geiranger og heim att. Suveren tur, fin ver og mykje fin natur å sjå.


Elva som kjem ned Dyrdalen.

fredag 7. august 2009

Ferie i fjellet

Med så flott vêr, må ein til fjells. Ettersom eg fann ut at det er 10 år sia eg gjekk gjennom Tundradalen og over til Sota, var trasevalet lett. Varga var godt tilfreds då vi kom fram til Grønstorr-bua.
Ho vart meir skeptisk då ein bøling storfe kom og ville helse på oss. Desse store dyra er nokså skumle, tykkjer ho og fann det best å søke dekning under senga. Krøttera skubba seg litt på huset og hadde nok sett pris på ein saltsleik. Det var tilsaman 20 storfe som rusla forbi i sommarkvelden.
Varga sette seg i gulsildre og mose for å skue ut over og innover i Tundradalsbotn. Vi såg ikkje rein, men fleire storfe som gjekk nedved elva.


Haukbergbua, flott restaurert av Skjåk Jeger og Fiskarlag. Her var vi innom på ein liten rast.

Slik ser det ut heimover dalen. Haukberg er midt på bildet heilt ute til venstre.
Og innover Tundradalsbotn

Flotte grånyanser i steinen oppover mot Sottjøynnene. Tverrådalskyrkja i bakgrunnen, til venstre.

Morgostemning ved Sottjøynn. Det var ein liten reisflokk på ein av snøfonnene.
Tundradalskyrkja og Tverrådalskyrkja.

Reinsblomme kallar vi denne som heiter Issoleie

Far etter folk - her var det ein reinsgard då det var tamrein i området.

Bjørnebrodd.
Og nede på Sota vart seterhuset til Kari Elin og Kåre heisa til vers av ei stor kran og forsiktig plassert på nystøypt sole...

Jammen er eg heldig som greier å gå og kan sjå!

tirsdag 4. august 2009

Blandar i farta

Det er lugumt når naboen er så nær at ein kan dra lånt betongblander beinast gjennom marka. I dag vart varmetrådar nedstøypt. Det blir nok ein integrert vinterhage som skal fungere som arbeidsrom. I løpet av hausten.

mandag 3. august 2009

Resten av turen

Etter å ha sagt på gjensyn til Mora, dalahesten og Siljan
Gjekk turen til Värmland og Klaraleva

Loppis er ein del av ferie i Sverige

innom og tok eit bilde av kyrkja på Rena
før turen gjekk gjennom Østerdalen og over Friisvegen.
Det er rart å sjå kor mange stadar der graset berre får gro.
Heimar, som ein gong gav utkomme for ein familie berre står der. Dette var den gongen maten var viktig. Då arbeidde folk for å sikre seg mat.
Nå arbeider folk for fornøyelsen, ei inntekt som skal kunne brukast til forlystelse.
Maten skal vera billig og kjem i andre rekke.
Det gror att - kulturlandskapet endrar seg. Vi treng ikkje kulturlandskapet slik det var. Med den moderne bruken, eller mangel på bruk, vil naturen ta att det som eingong var slåtteland.

lørdag 1. august 2009

Ferie hjå grannen

Ferien er ikkje hjå grannen heime, derimot i grannelandet Sverige. Mil etter mil på flotte vegar med liten trafikk. Nesten ikkje ein trailer, ei eller andre møtande på strekninga Drevsjø - Malung via Mora. I morgo er vi attende i heimlandet. Eg trur vi merkar det på vegstandaren.
Overnatting i stuga er tingen når ein er i Sverige, denne låg tett opp til Vasalopptraseen

Triveleg!