søndag 28. november 2010

1.sundag i advent

Godt tilfreds med "slottsrosa" på veggane i gammelstugu!

lørdag 27. november 2010

Vedafyrt baking

Kokt potet, sikta rugmjøl, kveitmjøl og arbeidslyst er det som trengst for å lage mjukbrød
Vedafyrt takke gjer at det blir mykje meir aktivitet med baksten.. må ha fokus for å få passe varme under. Det vart nokre som vart svisteikte, da er takka for varm.
Vedafyrt baking er topp - tenk på Bakeriet i Lom

mandag 22. november 2010

Kjøtkaker på norgesglas

Kjøtkaker av elg er godt - og når heimeproduksjon er passe stor er kjøtkverna høveleg hjelpemiddel for å forme lugume kjøtkaker..
Perfekt med god granne som kjem og blir med på jobben. Å brune opp kjøtkakene er ein varm jobb når dette foregår på takke med vedafyring.
Passe med kraft er viktig.
- Men kvar i heile verda kjem døkk frå, spurde Margun då ho fekk auge på dei to små nissane. Desse to held til her på Hauga-gardane og vedgjekk det byrja å bli vel "glære" vera ute. Og matlukta hadde lokka dei inn for å sjekke kva som gjekk føre seg.

Dei passa nøye på at glasa ikkje kom innpå kvarandre. Då kan dei gå sund når kjelen kjem i kok

Nå blir det mange gode middagar frå Norgesglas for både nisser og folk

søndag 21. november 2010

Gratulere Mukampen!

Gratulere Mukampen spelmannslag med seier i lagspel i Nordisk kappleik i Sälen 2010!
Eit topp arrangement med mykje god musikk, venner og tullprat

Tid for heimreise frå eit hotellkompleks som hadde 1600 senger. Langt frå alle var i bruk, neste år må endå fleire legge turen til Nordisk kappleik!

mandag 15. november 2010

Ens på trommisen


Ens på trommisen; Trond Bersu som fekk kulturstipendet frå Skjåk kommune 2010. Dersom du klikkar deg innpå youtube så kan du finne meir når du søker på Pelbo

søndag 14. november 2010

Idunn og kulturkveld

Snart ferdig med desse snorene og så kan eg pynte meg og reise på kulturkveld i Skjåk
- vart eg fin nok nå?

Dette her skjedde også på kulturkvelden...

onsdag 10. november 2010

Etterisolering, ei heildekkande dyne

Etterisolering er tingen, og når isofiber blir spøyta inn på flattaket, så blir det som ei heildekkande dyne, smilte blide håndverkarar frå Stokstad bygg.
Raskt gjort når ein kan jobben sin, så blir det for meg å finne ut om det hjelp å få på 30 cm oppå avdeling for sengerom og våtrom!
Isofiber inn!

søndag 7. november 2010

Fint med fødselsdag

Tusen takk for alle blide helsingar og triveleg besøk på gebursdagen min!
Nå skal eg gjera alt eg kan for å legge liv til året som kjem.

lørdag 6. november 2010

Vianvang - ein fredag i november

Det er mykje å sjå på og la seg bli fasinert av på Vianvang....
- Alle har tid til å lage mat, alle har råd til å kjøpe seg skikkeleg mat, i alle fall svært mange av oss, sa Arne Brimi og meinte at gode råvarer og tid til både å lage mat og å ete den er viktig.
Det er spørsmål om kva folk flest prioriterer. Når mat blir svært billig, bør forbrukaren prøve finne ut kva som eigenleg skjuler seg i pakningen.
Etter ei lang og hyggeleg økt der vi som var kveldens gjester fekk sjå oss rundt og smake på godbitar som var framsette til oss. Alt var supergodt - og kanskje raudostkremen på hardbrød var ekstra godt for ein raudostnerd som meg.
Kveite med raudbetesaus - godt!

Her er vi klare for rein på rotmos!
Endå betre..
Avslutninga på kvelden er eit gedigent dessertbord!!
Molter, vannbakkels, kremer og sauser og sjokolade og creme brüle med G 35.
Arne Brimi held fram G35-aksonen som eit stort satsingsområde for alt som har med distrikt og produksjon av kvalitetsmat som er festa i ein kultur.
Vi må tørre å stå for noko, vi må tørre å vera spesielle, slo han fast.
Etter reinen og før dessertbordet var vi alle ein tur innom ost-rommet for å smake på ost. Og her var det mykje å velgje i frå både inn og utland.
Det var ost frå Italia, Spania og Frankrike attåt mellom anna Fjelldronningost som blir laga på Valbjør.
Det var blåmuggostar, harde ostar, mjuke ostar, ost laga av saumjølk, eller geitmølk eller ku..
Osten gløymde eg å fotografere, eg vart så oppteken av å prøve å hugse kva eg åt..




onsdag 3. november 2010

Elg er mat

Ein halv elgokse blir mykje mat
Godt å vera sjølhjelpen. Elektrolux Assistent er umissande i jobben med å lage mat.
Nå står att å lage kjøtkaker og hermetisere dei.