tirsdag 30. august 2011

Idunn sjefar på kjøkkenet

Idunn likar å vera med på kjøkkenet. Ho likar mat!
- Hmm.. er denne god, tru?
Tomaten har bestått lukte-på-testen.


Da er det berre å eta han opp!


- Leiar du etter chili, mamma?


Denne er det berre å kaste!


Vårlauk smakar, tja...


Lykke! To, store, gule grapefrukter!


Her får den eine av dei fyken!


Dette ser ut til å vera godkjent.


Nam- norske epler i sesongen er prima vare.


Supa ser ut til å vera passe salt.


- er det versågo nå?


Reker i fiskesupa er perfekt!

mandag 29. august 2011

Skodille

Sko - desse er nye og fine!
Størrelse 19.
Dei første skoa var størrelse 18
men utruleg travalege å få på seg.

Da er det betre med crocs...

Det er berre å rydde alle dei andre oppi skoskåpet att!

Helgevask

Helgevask er topp!
Men her står da bilsetet! Kva skjer om eg set meg oppi...

Blir det biltur - eller berre ei pause i vaskinga??

torsdag 25. august 2011

Meir salt

Så fint du kjem - har du med salt?
Er det her nedi??

Takk, nå har eg fått nok!

På beite att- det haustast i fjellet

søndag 21. august 2011

NR 145, Kilemanjaro

Nr 145, som egenleg heiter Kilemanjaro, hadde funne seg nye venner, men kom med ein einaste gong då han høyrde målet til Borghild
Han stod roleg medan bror min la på han grime.

Så byrja den lange marsjen for å finne att slekt og venner.


Det gjorde godt med ei pause ved seterhuset. Kraftforet smakte godt.

Det er berre å gå...


Drag og dytt metoden måtte brukast over øvre Grjotåa.


Oi - endeleg! Der er Blomros, Gullmøy, Kari og Bjørk og alle dei andre - slekt og venner!

Ja, nå må døkk passe på å halde saman!

mandag 15. august 2011

Kalvar ute på tur

Bror min hadde fått melding om at kalvane hans dreiv og utforska Smådalen på eiga hand. Trønderen var svært godt tilfreds da han vart "attfunnen". Dei var seks i fylgje som hadde søkt ly under nokre fjellbjørk. Det hadde vore ei regnfull natt.
Blondie var svært spent på om det var salt å få, men så god var nok ikkje dagen, endå. Nå venta marsjen oppover og innover for å finne att resten av gjengen.

Regnet hadde gjort bekkar, grøv og åer store og vanskelege å kome over. Men må ein, så må ein.

Endleg, der var bjøllekua og dei andre store.

Bjørk lurte på kva vi ville. Saltet smakte fortreffeleg, men nå kunne vi gå att. Ho ville ha meir fjellsommar.

Men Kari ville helst ha kos.

Ekte kusmask!

Einaste skår i gleden er at kalv nr 145, Kilemanjaro som blir kalla Kille, ikkje er i gjengen. Kari er litt bekymra for han. Han har nok funne andre kameratar. Så dersom du går gjennom Smådalen og ser han, send melding slik at han kan bli leda attende til rette gjengen!

søndag 14. august 2011

Folk og musikk på Eldegard i Øvre Årdal

Tidleg i mai inviterte Svein Nesje frå Stryn til folkemusikk i det fri på fjellgarden Eldegard i Øvre Årdal. Eg måtte nytte høvet, og fann skiltet der det stod Eldegard. Då la eg og mange fleire i veg oppover lia. Det var ein godt arbeidd veg, det var lett å gå denne fine augustdagen. Tankane gjekk til folket som har budd på fjellgarden og turane dei måtte gjera i alle slags ærend. Og kor god og trygg hesten måtte ha vore når han gjekk med kløv opp og ned..

Etter vel ein halvtime med motbakke, måtte eg berre nyte utsikta.


Mor til Svein var fødd og oppvaksen her på Eldegarden. Svein var programleiar for konserten der mellom andre Leif Rygg og Håkon Høgemo spelte. Svein kunne fortelje om kvinner, menn og spelemannslekt her på fjellgarden. Svein var også på garden frå mai til september frå han var seks til sekten år. Det var alltid noko å gjera, og guten gjorde god nytte for seg.

Svein meinte at det ikkje hadde skada han i noko grad at han slutta på skulen for tidleg om våren og byrja for seint om hausten.


Konserten vart avslutta med fellesnummer

Svein guida rundt på åker og engstykker og fortalde om livet på garden. Det vart bygt både gardssag og løypestreng på 40-talet. Det var mange tak før materialer kunne selgjast nede ved fjorden. Han fortalde om vårsetra som låg lengre oppi lia. Om setra som låg endå lengre oppå fjellet. Og om besten som hadde formana ein liten gut at når dei gjekk i fjellet, skulle dei gå med små skritt og halde munn. Prate skulle dei gjera når dei kvilde. Minna er mange.




Det var stor hage, Svein kunne fortelje om frukt og bærdyrking. Han mintest ekstra godt den dufta det var når onkelen tørka kepalauk på loftet...

Garden var fråflytta på 70-talet. Det er viktig for slekta å halde staden i så god stand som mogleg. Inntekta frå konserten går til vidare vedlikehald.

Ei flott helg med folk og musikk på ein vakker fjellgard Øvre Årdal.

torsdag 11. august 2011

Estin fyller år

Kake med eitt ljos!
Fint å vera gammeltante til slik ein fin gut!




lørdag 6. august 2011

Ütbrytergruppe innhenta

Ei utbrytergruppe på fire kalvar hadde teke i vegen på eiga hand. Fredag gjekk med for å sjå etter dei, i dag byrja vi med nøye kikring frå vegen inn til Veo utbygginga. Der fekk vi auga på dei
Dei fire hadde funne seg nye venner i Smørlia og ein fin flekk nedanfor gjetarbua til reinslaget.

Dei fire dilta trufast med innover setergrenda

og innover og over både nedre og øvre Grjotåa



og jammen var det godt å finne att sin eigen flokk - sjøl om det vart litt knubbing på starten av gjensynet...