torsdag 28. juli 2011

Aktiv ferie hjå besta

Det vart travle feridagar for Idunn. Heldigvis så er mjukbrød både godt og lettvindt å ete. Det var så mykje som skulle gjerast.
Den gullfarga ringen i kjellarlemen vart nøye studert.

Besøk på Bakeriet i Lom er alltid ein suksess! Gulrotkake er gull!

Oldemor i Lom baud på Gjendekjeks og godt vatn. Perfekt!

Kattejakt!

Jordbær er sommar, men


sukkerert smakar betre!

Supert å få helse på Varga - ho har flytta til naboen..

Artig å besøke dei på Nørdre, der er det både katt, geit og ku. Og Varga.

Godt å få bade!

Kor høgt skal eg rope for å vekke Finn?

Tremenningar: Edel Marie, Ida Charlotte, Estin, Idunn og Ingrid Lovise, ein fin gjeng!

Idunn er stortilfreds med aktiv ferie hjå besta i Skjåk!

tirsdag 26. juli 2011

Mjukbrød, altså

Det vil eg alstå si;
Ferskt mjukbrød smakar fortreffeleg!

mandag 18. juli 2011

Lang reise heime

Idunn glyttar ut på skyene, det tok sine timar å kome heim. 30 timar frå vi svinga inn til innsjekking på Maui til vi var i andkomsthallen på Gardermoen. Onkel Jo og Nina møtte opp med bil, slik at Idunn kom seg fort heim til Kolsås. Eg venta på bussen. Hadde eg vore 15 minutt raskare, ville eg ha nådde Nordfjordekspressen. Då vart det å vente på Gudbrandsdalsekspressen i tre timar til kl 14.20. Eg sov det meste av vegen til Skjåk, og Alfred sjåfør slepte meg av ved Øyomsrampa kl 20.
Godt å vera heime. Sommarlyd sv vasspreiar, ferske reddikar, godt vatn direkte frå springen og kveldssol


Maui-guden som eg kjøpte med meg, tykte også det var godt å kome fram. Han likte kveldssola!

lørdag 16. juli 2011

Farvel i kveldssola

Ein gjest for ein blomsterkrans, ein lei rundt nakken når han kjem. Vi fekk kvar vår då vi gjesta Luao forstillinga. Her heng dei i kveldssola- dette blir siste innlegg frå Maui. Heimreisa byrjar laurdagskvelden - det blir nok ikkje skrivi noko før eg er vel heime i Skjåk.
Derfor, lei i kveldsol er farvel til Maui.

fredag 15. juli 2011

Siste runde i nabolaget

I dag skulle vi prøve med formiddagsdupp med ei runde i nabolaget. Det er noko anna enn i svalande vind på straden. Utstyrt med solbriller, vassflaske, smokk og insektnett la Idunn og eg i veg.
Hjå naboen over vegen hekk bananklasen nesten nedpå bakken. Grøne og umodne!

Denne naboen er heilt tydeleg! Og alle dei andre naboane har også tilsvarande skilt!


Litt av ei doning hjå denne naboen.


Slik raud blome har eg ikkje sett tidlegare. Det er sikkert denne tida her den skal blomstre!


Denne naboen har eit umbrellatree - eit paraplytre!


Turen vart ikkje så lang... for det første var det glovarmt, både Idunn og eg sveitta så det silte.


Og for det andre, det finst ikkje fortau eller vegskulder å gå på. Dette er eit bilområde!

Vassmelon i varmen

Vassmelon er fine saker når det er varmt og varmt er det her. I ei ryddepause vart det vassmelonparty på verandaen.
Fyrst lukte på..

Så tumme på...

Så smake...

Godt, altså!

Rydde, pakke og vaskedag

I morgo laurdag, byrjar heimreisa. Derfor var det rydde, pakke og vaskedag hjå oss i dag.
Da trengst det matpause - i dag skulle det vera formiddagsmat på heimebane.

Dette er jammen godt brød.

Er det greitt å ete pålegg og brød kvar for seg??

Garden of Eden

I dag skulle vi kjøre rundt austdelen av Maui. Vi var innom Garden of Eden - " Edens hage.
Her var det berre å knipse iveg...

Grov bambus!

Lipstickflower - Leppestift-blomen

Torch Ginger Lommelyktingefær

Antageleg Parrots Beak

Veit ikkje kva dette er..

Ikkje denne her heller. Men det var eit tre!

Flamingo-blome!

Du kan klikke på her, dette trur eg er reklamefilmen dei har laga om seg sjøl!

onsdag 13. juli 2011

Ha med handlepose

Her på øya må du ha med handleposer! Alternativet er papirposer frå butikken. Maui har bestemt at dei skal ikkje ha plastposer. Plastposer finnst ikkje.

Noko å tenke på for Nasjonalparkriket???

Idunn diggar å gå ut å ete

Det er utruleg mange stadar å kjøpe seg mat her. Frukost, lunch og middagstilbod. I dag bestilte oss ostekake til dessert. Idunn er kjempeklar for å smake.
Kjempegodt!

Siste kveld på Kanaha Beach park

Lange skuggar og dagen går til endes. Til endes er snart opphaldet her på Maui. I dag var siste vindsurfedag, utstyret skal tørke innan vi skal pakke det ned for heimtur. Eg har vore her ein månad og funne meg godt til rette i varmen. Eg tenkte i dag at nå må eg endre fokus, tenke på at det skal bli godt å kome heim til klår fjelluft og ljose sommarkveldar. Her er det stupmørkt kl 20!

Høns overalt

Høner som lever det frie, ville liv finst overalt. Hanegal høyrest overalt og til alle døgnets tider. Det finst villkatter også. Da går det bortimot opp i opp, trur eg..

Idunn fortel om dagens opplevingar

Jammen dumt at vi ikkje har med bretta, det er god vind her... men planen er at bestemor skal snorkle her nordfor Lahaina og av vi skal på luau i kveld.
Tja, kva skal eg finne på...

God varm sand!

Uss, kor stygg eg blir på fingrane, det går mest ikkje å få sanden av...

Pappa! Vil du vera med å bade??

Stillehavet!

Bestemor snorkla og snorkla... og fekk brent baksida av lår og legg. Ho var stortilfreds ettersom at ho såg skilpadda og mykje fisk.

Så vart det byvandring i Lahaina. Det treffte eg det otylegaste eg nokon gong har sett. Ein som var utkledt som ein rosa gris. Dette synet stod uttafor ein restaurant, og han tok i meg. Fyttikatta som eg skreik!

Så var det tid for folklore. Eg var svært interessert i blomekransane. Eg fekk ingen, men eg rakk å plukke blomar av både mamma og pappa sin. Det var middag og. Heldigvis hadde dei kokt ris. Det tykkjer eg er godt.

Eg tykte det drog ut før showet byrja. Så da fekk eg meg mange runder rundt på området. Fyrst pappa, så mamma og til sist bestemor bar meg rundt slik at eg fekk sjå...

Eg byrja forresten å bli trøytt, det var sengetid. Men senga mi var ikkje der, så eg måtte berre stå på.

Det gjekk greitt å halde seg vaken under showet, eg digga aller mest dei innslaga der dei brukte trommer. Det var kjempetøft!

Her har eg fått låne leien ( blomsterkaransen) til mamma. Eg vart jammen fin. Eg tykte det var godt å få setta seg i bilsetet og få sove til vi kom til Haiku Raod og kveldsgraut og natta..