lørdag 26. februar 2011

Skiprepping


I dag vart det skitur langs Ås-vegen før skirenn på TV. Då Marit Bjørgen, Terese Johaug og resten av kvinnfolka som gjekk 15 km med skibyte var vel i mål, gjekk eg laus på noko eg ikkje kan. Men eg er klar for å lære, for i dag hadde eg så tråe ski at eg måtte gå diagonal nedoverbakke. Med nyinnkjøpt smurningsstrykejern ( dampstrykjern med damphol i fungerte berre så måteleg) gjekk eg laus og fjerna "alt" under og stod etterkvart med ein nesten kvit og tørr såle...

Heldigvis finst det kurs på nettet.. Her finst grunnrensing, gliding, grunnsmøring

Her er det mykje å lære!

søndag 20. februar 2011

Estin, døypt i Vågå kyrkje

Kvit skjorte, svart vest og svart bukse er fint når ein så gild kar skal døypast.
Estin.

Farmor oppi Liin hadde ordna til selskap i gammelstugu.
Det brann bjørkeved på peisen og borda var dekt

Etter middagen var det kaker, til og med blå muffins!

Godt å vera ferdig med denne dagen!

søndag 13. februar 2011

Dårleg timing..

Det var ikkje den beste timinga, å få skifta ut omnen i søre stugu denne helga. Sist natt nærma graderstokken seg 30 minus, akkurat nå nær 25 minus og eg har fyringsforbod..
Her er omnen frå sentralen på plass - og eg venter med lengsel og smerte på at mørtelen skal herde. Heldigvis er straumen i Skjåk billig, men det er grenser for kva sikringane tåler. Eg har ullundertøy, ullsokker og ikkje minst ullkjole. Det blir egenleg ei god historie å skifte omn og å måtte vente med å bruke han når det er minus 25!

lørdag 12. februar 2011

Opphoping

Namnedag, morsdag og valentinerdag, maken til opphoping! God helg

tirsdag 8. februar 2011

Mat og moro



Borte
Titt- tei
Blir så rar i fjeset når youghurten er så kald..
Passer godt som tyggekopp...Perfekt røre til frukostmuffins!
Og så var den den tela bringebæra som skulle oppi muffins eller var det munn
Idunn koser seg med mat og likar alle smaker så langt. Banan er faktisk langt nede på lista!