søndag 25. april 2010

Tjo hei - endeleg utesesong

Endeleg er sesongen i gang - og Blomros feirar med eit ekte kuhopp
Full fart, så grusen sprutar

Artig å få råspringe - dette er noko anna enn testløpet som var førre helg

Jabba-dabba- du!

Alt må lærast

Bror min viser fram ein saltstein og etter litt skepisk snusing, var det klart for prøvesleik. Alt må lærast for både folk og dyr. Og for ein liten kalv er det mykje mystisk, til dømes så smakte einer merkeleg åttåt det stakk inni munnen, og at steinrøyser var umoglege å krysse. Og at ein kvit tråd sveid ilt, det var straum i han..

Typisk sesongarbeid

Å fjerne skånn frå marka er typisk sesongarbeid... Og Rønnaug på 81 tek sin tørn!

onsdag 21. april 2010

Orden i sengehalmen

Brandelius, Pompil, Pilt og dei andre utegangarane hjå bror min, bur i telt. I teltet er det halmseng, og denne må jamt fornyast.

søndag 18. april 2010

Dagens tur

Turen i dag gjekk nordte og oppover i Lia i Lom. Ved FYSAK kassa gjekk denne flotte mura vegen oppover. Eit minne frå ei svunnen tid.
Meir nord og oppover. Eigentleg går det vest..

Sjå der... utsikt nordpå Berje!

Uteservering

- God morgen. Kan melde om nysnø, men vindstille. I dag er frukosten servert ute, han er samansett av tørrhøy og tørre kakuskalker. Eg set mest pris på kakuskalkene, det er verkeleg ein godbit som høyner ein sundagsfrukost.
Legg merke til nr 8, han har funne seg ein serveringstad der han får vera i fred. Med det same høybunten var plasserti forhekken, smaug han under og gumla i seg av det dei andre i gjengen slepte ned.

lørdag 17. april 2010

Like moro kvar vår

Å få vera med når kalvane skal ha sin første utedag er alltid moro
- Kva er det som skal skje? Vi har fått på oss blå, fine grimer..
- Fytti katta- det er skummelt å ut. Men så har eg vore inne heile livet og, da
- Brått ikkje så verst å gå tur med Borghild

- Fint å gå tur med Jon Gunnar, men eg lurar på kvar vi skal?

- Kom igjen Borghild, ver med å leik deg!
Det er ein leik som går ut på å dra i eit tau, ein eller fleire i kvar ende

Oi- eg kan prøve å herje med deg, det er du som er barnevakten, vete?

- Korleis skal vi organisere oss nå?

-Skal eg vera åleie ute?

Godt å kome inn att, sjølv om det er nokså skummelt. Bra at Borghild drar i rett retning..
Og dermed var året og livets først utedag for ein liten kalv over.
Men i morgo er det ut att på nytt.

torsdag 15. april 2010

Ikkje over enda

Kong Vinter har ikkje heilt slept taket. Kvitt og fint i dag tidleg, og med meir yr og snø i lufta.
Posted by Picasa

onsdag 14. april 2010

Skidag

Det vart føre til overs i år og.. Ein strålande skidag for store og små på Grotli i dag. Det hadde vore kald i natt, slik at bakken var hard når vi kom om morgonen. Etterkvart som sola og ikkje minst, betre "ækt" fekk overtaket, vart det heller mjukt føre.

Ein kollega i fri flyt.... eller flukt

Buskebeskjæring

Det var som å hogge seg veg gjennom jungelen, oppgåva å beskjære bærbusker og andre buskevekster i hagen hjå meg. Heldig er eg som fekk besøk av Sylfest som tykte det var kjempemoro å renske opp her det var så mykje å ta av!

tirsdag 13. april 2010

Kveldstur ut

Hei - er det du som skal sleppe oss ut?
Sjefen sa at vi skulle få ut på ein liten kveldstur!

Tjo hei - så moro å springe!

Full fart att og fram

Kome nå, kveldsmaten er klar

Årets fyrste uteservering

Godt å sole seg litt, sjølv litt låg kveldsol gjer mon etter ein lang innevinter

Det som gjer aller best, er litt kos og klapp.

Det blir aldri nok kos!

lørdag 10. april 2010

Ferdig ved


- Nå gler eg meg til vinter og vedafyring, sa nissen. Han har klokeleg halde seg unna når det har vore vedasjau. Og om han ville vera med å kaste ved inni skålen når veden etterkvart har tørka, vart han heller vag...

fredag 9. april 2010

fyre med ved

Ved og ved

Manuell transport
Jammen bra at det finst vedmaskiner

Kvil i økta

mandag 5. april 2010

Fem Fyrer med VED

FEM FYRER MED VED

SATS på ved

Det vart lemping av ved i staden for tur i dag. Eg treng ikkje SATS-medlemskap, for dette er styrketrenings om forslår. Eg har eit heilt lastebillass! Og vedfyring er nå eingong slik at eg blir varm mange gonger innan veden brenn i ovn hjå meg.

Ingen tur i dag

Ingen tur i dag, meinte Varga og demonstrerte med eit langt gjesp kor sliten ho var etter gårdagens utflukt. Varga la seg godt til rette i vinterhagen og sov ein lang morgodupp

søndag 4. april 2010

Påsketur til fjells

I dag var Varga klar for fjelltur - og vi la oppover lia ved Ljoshaugkvea, eg tenkte det kunne vera passe å gå opp til Sauhytta som ligg inni Lendfjellet.

Men vi stoppa ikkje der, vi sikta oss vidare innover og inn i faret til Lenda.

Då var nesten i Lendholet møtte vi snur sno og ettersom føret var dårleg (hardt og skavlåt) valde vi å snu. Det er noko som kallast å snu i tide..

Vi gjekk innom Lendhytta for kvil - og test av sjølutløysar på kamera.

Obligatorisk å skrive i hytteboka.

På heimveg.
Og akkurat nå er Varga på besøk hjå naboen.
Ho ligg sikkert i sofaen og fortel om dagens tur.

torsdag 1. april 2010

Påsketur i skogen

Når det er påske, må ein på påsketur. Når skiføret manglar, er det å ta føtene fatt.
Ragnhild påskegjest, saman med pappa Arnstein traska oppover skogsvegen, målet med turen var å finne ein stad å lage bål og eta pølse.
Eg fekk vera med - med kamera
Endeleg vart der futt på bålet, og påske svartsvidd pølse er snart klar

Nam

Godt å få skyss på heimevegen
og å finne att mamma og veslesyster Sigrid
Det vart litt guffent oppi skogen.