mandag 26. desember 2011

Juleskyss

Fint folk i farta!

Jul

 Årets julemjukbrød,
 Med sylte på!
 Må sjekke kva Fantorangen driv med!
 Julekveld og Disneytid  - her med Lady og Landstrykaren.
 Fått pakka opp og montert storpakka frå onkel Jo.  Eit kjøkken med alt som trengst.
 Raud saft og tørrvafler frå farmor i Bergen.
Ekte smør!!

I gammel kjole

Idunn poserer villig i ein noko for stor kjole -  ein kjole som er over femti år gamal.  
Han var sydd til meg,  den jula eg var tre år.

Julekunst

Det blir ein kreativ, skapande prosess når det er veslejulkvelden og fingermålinga er innan rekkevidde.
 Så er det å klaske nedpå båe nevane likt!
Tja  -  skal det på meir farge tru?

fredag 9. desember 2011

Det lyser i stille grender....

 Det går mot tredje sundag i advent.  Så langt har det vore ein rimeleg vinter!
Det gjere  godt å ta seg ei lita pause i skumringa og tenke på kor heldig eg er med livet og sånn!