søndag 29. november 2009

Nye naboar

Om eg ikkje har fått nye naboar, så har naboane kjøpt seg nye dyr. Både bukk og geit har flytta til Nørdre Dei driv og gjer seg kjent, bukken var svært interessert i kven eg var. Då han skjønte det var fotografering på gang,
stilte han seg opp, og gjorde seg så fin han kunne.
Geitene vart etterkvart interssert, men konkluderte med at eg hadde ikkje med mat.
Då var det likare å bruke dagslyset på å gnage kvist og kvas attåt ei høytugge. Både bukk og geit har byrja å gle seg på sommar og grønt å bite i. Dei har planer om å ta opp kampen mot attgroing.

Vinter og julestemning

Stille, fint vinterver med litt nysnø inspirerte Varga og meg til å fyre i bålpanne, henge kuler i treet og ikkje minst ut på ettermiddagstur.
Varga måtte sette seg ende ned får å studere på kva dyr som eigenleg var nedi skogen.
Null interesse ettersom det viste seg å vera hest.

Grått golv

Golvet i gammelstugu skal opp - og isolasjon ned. Men slik arbeid driv ein med om sommaren. Derfor vart det svært så høveleg å måle golvet grått. Da får eg testa korleis det blir med grått golv og slottsrosa veggar.. Over helga, når målinga er herda, skal jula inn.

onsdag 25. november 2009

Godt jobba

- Godt jobba, sa nissen som kom innom i kjellaren i kveld. Han var lei av å stå ute og vente på jula. Ikkje triveleg i det heile tatt, med vind, tøyr og regnyrer.
Han såg seg rundt etter Vianvang-dram. Det ville vera supert med ein skvett Vianvang-dram attåt råkåfisk og hardbrød. Men både han og eg må vente til nærare jul med slik drikke

Drammen

Flott bru over Drammenselva! Sist helg var årsmøtet til LfS arrangert i Drammen. Det vart tid til ein rusletur langs Drammenselva på ettermiddagen. Der var det fint tillaga!

onsdag 18. november 2009

iktifaga

I festsalen på Storhove er vi, kursdeltakarar på kurset iktifagene samla. Her klikkar vi og kjempar oss inn i den digitale verda, og reknar med at oss etterkvart kan nytte kunnskapen vår i arbeidskvardagen.
Fin sal og høgt oppunder taket..

mandag 16. november 2009

Fort gjort

Kesp tykte det var lett å danse med dokkemann!
Dette var oppvarming til ein flyttesjau innandørs.
Det er fort gjort å få unna ommøblering når ein er hjelpa.
slik ja..
Nå er det slik, inntil det kjem gjester som vil vera med på ei eventuell ommøblering...

Det skal vera slik i nokre dagar i alle fall....

Klimaflyktningar

Desse to kvitnissane er klimaflyktningar. Dei kom å banka på, og ville ha plass på det kvitmåla skåpet mitt. Det var heilt uråd for dei å kamuflere seg ute, bart som det er. Inntil vidare er dei innvilga opphaldsløyve i stugu. Berre snøen kjem så vil dei ut att....

søndag 15. november 2009

snø og så tøyr

Laurdag var det rett så guffent rundt øyra på nissen som så trufast har venta på snø og vinter. Han har venta ein månad, han stilte seg opp vinterdagen..
Vintergleda vara ikkje lenge. I løpet av natta og sundag så vart det tøyr. Nå er det berre å vente att.

fredag 6. november 2009

Snart i mål

Bambus farge på veggane og isgrått på golvet. Blir så flott, atte!

torsdag 5. november 2009

Ikeating

Henge-frå-seg-kle-elg! Raud og fin, flott på ein kvit vegg. Og han fungerar!
Her blir det skåp! Blir flott å få ting inni skåp, slik at eg slepp å rote rundt i flytteaskar!

Trimtur over Skriduhaugen

Turmål
Skodda låg som eit kvitt hav og dekte bygda.. Men over skoggrensa var det klårt og opplett

Månen kom opp over Skrihaugen då eg var på heimveg..

Mjukbrød

Jula er like om hjørnet, slik at bakst og andre førebuingar som ein kan få unna, må gjerast. Mjukbrødet til sylte og råkåfisk vart produsert sist laurdag. Godt med alt ein får gjort!