onsdag 28. oktober 2009

Søre veggen på låven

Søre veggen på låven hadde sigi ut, og i dag vart han beinka innpå att. Det skal også bli ny klednad - han kjem nok på plass med det første.
Etter godt utført arbeid i ein klår og kald ettermiddag, vart det middag med lam som i Camargue. Heimlaga potetmos fann eg ut måtte passe attåt. Camargue ligg i Frankrike. Eg fann staden med Google Earth. Oppskrifta fann eg i eit hefte frå opplysningskontoret for kjøtt.
Vi drakk fransk vin attåt - luksus midt i veka.

søndag 25. oktober 2009

Hagepuslerier

Laurdagen vart brukt til å kjøre Valdresflya for å kome på "Lea de" øving.
Moro med springleik!
Sundag vart ein fin pusle i hagen - vinteren lar vente på seg. Ettersom eg for tida abbonnerer på tre boligblad, ser eg så mykje artig som eg vil ordne... Når nord-vesten slår til med snø og vind seinare i vinter, kjem han til å ordne opp med slikt "dill"! Men moro så lenge det varer.



søndag 18. oktober 2009

Vinterdagen

Vinterdagen er forlengst passert, det var faktisk på høg tid å vinterbu rundt husa. Plutseleg stod ein liten nisse og speida etter snø og vinter. Han glytta på Varga som framleis har mykje sysselsetting med elgfoten sin.
Nissen er godt nøgd med at tunet er rydda og klart for vinter og snø

Levande ljos skaper steming

Det spørst korleis det blir på morgokaffiplassen - som er så fin om sommaren...
når det blir snødrev og nordvest kuling...
Det var det ikkje i dag!

Perfekt dessert

I nabogarden bur også bestemora Rønnaug. Ho har passert 80, men er still going strong. Innimellom inviterar ho på middag. Då er det kokt kjøt, erter og gryn. Dette er ekte mat med ekte smak. Det er alltid dessert. Sist torsdag vart herremåltidet avslutta med perfekt dessert. Semuljepudding og raud saus. Nydeleg. Akkurat passe mjuk pudding, passe sterk raud saus laga av heimlaga saft som ho hadde i kjellaren. For eit måltid. Tusen takk for maten.

søndag 11. oktober 2009

Biltur i helga

I helga skulle turen gå til Kolsås, må passe på medan Valdresflya framleis er open.

Vinterkvitt og vakkert

Vinterstengt gamme før Beitostølen

Snart Sollihøgda og fin hauststemning

Varga berre digga dette golvteppe!
Blautt haustregn over Fagernes

Gamme i snø og blindføre

Over høgste flya
Det går greitt, berre ein kjører seint nok

Godt å kome heim att til godstolen og ein stabel med aviser

Vinterhage 740 m.o.h.

Det er ikkje berre hjå meg at det har vorte innkledd ein del av verandaen for å lage vinterhage eller rettare sagt, ein glasveranda... Hjå syster mi, som bur 740 m over havet, er det superdeilig å sitja inne for å vera ute på verandaen. Vinterhagen - ja han finst ute!
Når ein del av veranden er innkledd, da blir sommarsesongen lengre. Når sola får gjort sitt, blir det rett så god temperatur sjøl om snøen har lagt seg for vinteren.

tirsdag 6. oktober 2009

Guffent

Det vart heller guffent ver i dag, med nysnø og austavind. Varga vart ikkje så særleg affisert, å kunne gnage på ein elgfot er deilig same korleis veret bles...