søndag 25. september 2011

Helgeslutt

 Da har gravemaskina gjort seg ferdig og 
 eg har grave fram det som blir neste års store prosjekt,  skifte neste stokken.
Og Varga er godt tilfreds med å ha pensjonert seg frå elgjakta!

fredag 23. september 2011

Enda fleire

 Neste vår skal eg så endå fleire solsikker og 
enda fleire ringblomst!

onsdag 21. september 2011

Forandre geografien

Nå er naboen i gang med å forandre på geografien uti garden her. 
Det er supert. 
Nå skal det helle ut frå tunet.  

mandag 19. september 2011

Heim frå fjellbeite

 Varmande haustsol.  Nå går det frie livet i fjellet  mot slutten. I morgo går marsjen heim.
 - Kvar vart det av alle dei andre?
 Ein sommar er over.  Brandelius er klar for å først heimover att.
 Lang -  lang rekkje.
 Vi nærmar oss setergrenda i Foss.
 Frå her brukar vi gammelvegen nedover Meadalen så langt det går.
 Nedover Svartlia
 Gå - gå - gå...
Over Liabrua og om nokre få kilometer er alle i mål.  Turen på 30 km er lang for både folk og dyr.

søndag 11. september 2011

Regn og ruskåt i dag

 Regn og ruskåt i dag,  likevel bestemde eg meg for dagens tur;  Uppnose. 
Utsynet mot Raudberg og Raudalen er alltid fasinerande.
 Matkvil ved masta.
Og jammen letta veret då eg gjekk heimover  -  og da vart også Raudberg og Raudalen motivet!

Laurdagsefta i fjellet

 Laurdagseftaen var så fin at det måtte bli ein tur ut.  Kanskje det kunne vera litt blåbær å finne??  
 Godt med blåbær!
 Og så sole seg litt i kveldsola
Mager fangst,  ujamn både i storleik og  i kor moden ho var.  Men da var da fint ver!

onsdag 7. september 2011

Salt att nå??

 -Kjem du salt att nå? Bjørk var litt overraska , men aller mest glad
- Ja, der er eg og registert,  kunne Blomros nøgd konstatere
Haust

søndag 4. september 2011

Slik vart det her

Helgearbeidet denne gongen var å få måla rundt omn i gammelstugu. Slik er det akkurat nå.  Så får eg sjå og tenke på om det kanskje skulle ha vore ei anna farge.  Neste prosjekt er å få på plass skrivepult i rommet bak omnen....

lørdag 3. september 2011

Sundagstur

 Førre helga besøke eg Idunn og sundag er turdag. 
Turtraseen vart tilpassa at eg skulle heim att utpå ettermiddagen. 
Klar ferdig gå!
 Det beste med tur er matpausa og Idunn delte med Varga.
 Men skiva med G35 ville Idunn ha sjøl.
 Stappe inn all raudosten!
 Ekte snadder  -  vaniljekremen frå skolebrød!
 Lite grann meir  -  frå midten av bollen.
 Bærsmothie til dessert.
Jammen er det mykje svært å få kjøpt i dag!
 Etter så god ei pause ville Idunn gå sjøl.
 Tøff!
 Men her og der var det godt å få litt hjelp.
 Så fann vi bringebær!
Etter at vi hadde ete opp bæra,  gjekk turen greitt heim.  Det var det middag med karbonader frå Mogarden før eg reiste heim  - over Valdresflya.

torsdag 1. september 2011

Alle på plass

 Kveldstur innover Smådalen for å salte krøtter og sjå til at alle er Grjotmellom gjekk i fin sol. 
Mykje av bjørka har allereie mista blada,  ikkje av frost men av sjukdom-  det er vel soppangrep. 
 Viss det ikkje er sopp,  så er det nok virus..
 Nr 114 orka ikkje å kome oppover til saltplassen, ho tykte at eg kunne koma nedover med ein smak til ho. Og det gjorde eg sjølvsagt!
Kari Ku var spent på om ho  måtte vera med heim  -  eller om det frie kulivet i fjellet 
kunne få vare nokre dagar til.