onsdag 15. august 2012

Årets rundtur

 Stålande reisever den 14. august, då vi kjørde den årlege rundturen 
Slådalsvegen, Romsdalen, Tresfjord, Stordal, ferje Linge - Eisdal, Geiranger og heim att. 
Mor har alltid med mat og kaffi, og denne gongen vart det matpause ved Trollveggen.
 Det er berre å kaste jakka i slik temperatur.
 Rosebedet ved administasjonsbygget til Wenåsgruppen er fast stoppestad.
 - Någå så fint!
Fint og forfalle...

søndag 12. august 2012

Neto - ferie på tampen

 Jammen vart dei ei veke på Netosetra i år!  
Reiseradion gnåla heile veka om kva som gav folk ro i sjela om sommaren.  
Eg held ein knapp på kyr som døser i sola.
Med slik godstemning var det lett for budeia å ta ein tur til fjells.
 Utsyn mot setergrenda og Dalsvatnet
 Innover mot Stordalen.
 Oi  -  orkide!  Grønkurle.
Flottaste buketten av bakkesøte


 Røsslyngen i blomst melder om august og haust i fjellet.
 Karve  -  nødvendig krydder i mårpølse!
 Vegvoktar på bomvegen Neto - Prestsetra.
Sjøl om eg hadde mjølking så rakk eg turliv. 
 Så fin  dølaku -  og lite grann skeptisk!
Ho ynskte meg god tur! 
 Turen gjekk med bil over Sognefjellet
 og eg tok føtene fatt oppover vegen til 
 Fuglesteg. På ei hylle 600 meter over havet.  Det er lett å kome hit,  vegen er god.  
Det er berre å bruke tid. Eit godt råd er å ta med drikke. Eg vart i allefall tyrst av motbakkane.
Eg spurde hyttevakta, om vegen.  Ho meinte han var laga til på 30-talet. 
Det er DNT som driv husa og har plenklyppinga rundt på tunet. 
Garden var drivi fram til midten på 60-talet.
 Då dei første slo seg ned på Fuglesteg for 400 år sia,  var det nok ikkje cruiseskip på fjorden,

 ikkje var det kraftoverføringsmaster heller.  
 Men mjødurta bloma nok,  den gongen som nå.
 Kung,  krydderplante som saman med karve var mykje brukt 
før paprika og cayennepeppar inntok smaken vår.
 Villbringebær.  Nå som før.  
Resten av nista vart ete rundt 1400 meter over havet.  Vindstille og vakkert.  Myggen var lei. 

torsdag 2. august 2012

Samling i solnedgang

Samling - slekt og venner i solnedgang!

onsdag 1. august 2012

Tur 3 - i fjellterreng

 Vi starta turen med å studere Heinkel-flyet som vart laga til filmen " Into the white".  Denne filmen er basert på ei sann hending frå den 2. verdskrig som skjedde ved Grotli
 Der fann vi klyppepunkt nr 6!

I dag var det kakao og kalde fiskeboller som stod på turmenyen.
 Godt!
Etter matpause var det tid for å utforske området rundt gapahuken ved Grotlivatnet.