fredag 24. desember 2010

Snøpynta, vinterkvitt og kaldt

Landskapet er snøpynta, det er vinterkvitt og kaldt. Med minus 27 ynskjer eg god jul.

tirsdag 21. desember 2010

Monseblokade

Det vart ikkje ny raud julekjole i kveld. Mons laga ei effektiv blokade med å legge seg på både snittmønster og stoff. Nye sjanser i morgo. Må vera rask når han er ute og sjekkar vêret. Mons er rask på labben når det er så kaldt.

lørdag 18. desember 2010

Kosedyr

Aldri nok kos er moralen hjå desse kalvane. Greitt nok å gumle tørrhøy og drikke syrna mjølk frå automat, men kos, det er gull. Største kosedyra er dei to minste, nr 145 som heiter Kilemanjaro og når 146 som fekk namnet "Den Siste".

søndag 12. desember 2010

Julelunch på Fossheim

I år og vart det junelunch på Fossheim i Lom
Estin er yngst i familien, og han var nok spent på kva osm venta.
Når alderen er fire månader er det er mange smakar å bli kjent med
Lalmsjentene, Ingrid og Edel hadde vore med på dette før og veit å setja pris på god mat.
Etter julelunchen er det endå meir venting på jula..

søndag 5. desember 2010

Førjulstid hjå Idunn

Julestemning på Bærums Værk - i nesten 20 minus frista butikkane inne mest
Hjå Princess var "Fantorangen" til sals. Gjett kven som ynskte seg han!
Farfar og farmor skjønte teikninga...
Deilig med ekte Fantorang på heimebane og ikkje berre inni TV
Tela tyting som må tinast.
Tytingsyltetøy er nødvendig når det er kjøttkaker på menyen.
Farmorkos
Pepperkakeelg og farfarkos, det er førjulstid, det!

Den blå timen

Vedafyring - og minus 25