onsdag 10. juli 2013

Utsiktspunkt

 Eg la lystig i veg -  endeleg skulle eg fylgje traseen frå Meadalen og til sendaren på Storhøa.  Eg gjekk og gjekk og gjekk.  Det vart mange steg innan eg kom til målet.
 Der! Ein sau som vaktpost! Men søya gjekk att då ho skjønte at eg berre tok bilder av vegetasjon.  Eg åt ikkje det ho hadde tenkt å eta!
 Her må eg nok finne fram floraen.
 Mot Galdhøplatået.  Eg såg til og med ein paraglidar som svinga seg fint over sommarskisenteret.
 Fossbergom.
 Finshals.
Sulheimsgardane.
 Dit går vegen heimover.
 
Fjellltjæreblom i kveldsol.

tirsdag 2. juli 2013

Blomster rundt Neto


Her vart det samlefoto frå turar rundt Netosetra.  Turen var både trimtur,  sjå seg rundt-tur og fotografe blomar-tur
 Kræklingen ventar på sol.  Han er klar med stor, grøn kart.
 Orkide er alltid orkide,  sjøl om ho er lita og blass i fargen.
 Fjellkvitkurle.
 Utanfor Geitåbua dominerte greplyngen.  Eit rosa teppe.
 Dalsvatnet i bakgrunn.
Maiblom  - Fjellnøkleblom 
Bjørnebrodd på rad og rekke. 
 Reinmjelt.
 Gul og fin.  Engsoleia er giftig. 
Derfor beiter dyra seg rundt planta.  
Fjellfrøstjerne. 
 Tettegras
Potent vier.
Det finst mange, mange fleire planter rundt Neto.  Både blomsterplanter og ikkje minst gras og starr.  Og einer.  Og fjellbjørk.

Seterliv


 Før var det mjølkespann,  nå er det heile mjølketanken som ventar nede ved rampa.  Snart kjem tankbilen.
 Seterliv.
 Snart mjølketid.
Bjøyllkua.  Ku med horn er staseleg.

Vårtur til Yste Reset

Nok ein gong blomstar lapprosa på Yste Reset.
Denne gongen var eg der rette helga. 
I år passa det med 9. juni.
Andre år kan optimal bloming vera både tidlegare eller seinare.
Og da tek eg sjølsagt mange bilder.
 Like spanande kvar vår  -  kanskje at superfoto blir til denne gongen!
Det var ikkje berre lapprosa som synte seg fram med rosa prakt.

 Greplynga er minst like skjønn.
 Kvar blomst like fullkomen
 Og fjellsmelle. Store, rosa puter.
 Grønt i alle sjatteringar.  Det er våren.  Blåbærlyng og krækling.
 Fjellbjørk i vårfarge.
 Blålyng  -  eg tykkjer nå ho er mest rosa.
 Fjellkjerr.
Lita tuve -  her må eg nok sjekke floraen!