søndag 29. august 2010

Prøvar lell..

Det er mykje eg ikkje kan, men prøvar lell. Sundagen vart avslutta med å file tennene på sagbladet på kappsaga. Tidlegare på dagen hadde eg vore å sett etter blåbær, på stadar der eg har funne før... Men der var det heller mager fangst. Det er nok betre å baske med veden.
Det blir snart bilde av det nye kjøkkengolvet. Det har fått tre strøk med måling men manglar golvlistene. Eg kan ikkje, men prøvar nok lell å få dei på plass..
Når det gjeld det store holet i grunnmuren under gammelstugu, så står den like open. Akkurat nå ser eg mørkt på å prøve meg å tette, der trengst det nok fagfolk

søndag 22. august 2010

Sundagsprosjekt

Etter 10 minutt med planlegging var det klart; i dag skulle det bli tregolv på kjøkkenet hjå meg.
Fytti katta - nå er det berre å svinge seg rundt med kvistlakk og måling.
Prikken over i-en blir dekoren eg har tenkt ut.
Eg gler meg til å få brukt sjablongane!


Kviten og kastratkameratane saman att

Sist fredag vart det gjenforeining.
Bror min og Borghild treffte Kviten saman med ein kuflokk ved setrene - og kastratgjengen gjekk i baksida, noko lengre ned. Bror min henta gjengen på baksida, og Borghild lokka Kviten frå ned til elva.
Han var ikkje lei å be då han høyrde kastratkameratane, han vassa sporenstrek over.
Etter å ha delt salt så vandra kastratkameratane vidare.
Godt å finne att sine eigne,
godt å vera saman med kameratane att.

lørdag 21. august 2010

Haustprosjekt, fase to

Gammelkjellaren.
Her er holet ut heller avgrensa.
Prosjetet med å få tetta mellom dei to bygga har teke av. Eg har grave ute og skyfla ut masse frå inne. Og var nok litt i stuss om eg hadde kontroll på dette. Men kosa meg med å sjå på kor fine avsetningane i grunnen er.

I ettermiddag kom bror min for å sjekke korleis stoda var. Han kasta seg med iver og interesse inn i prosjektet med diverse handreidskap og stor drill. Eg fekk sommforklaring på at dette måtte gjerast skikkeleg, når eg først hadde fått opna opp ut frå gammelkjellaren.
Måtte passe på når det var så lett å få overflødig masse og steinar ut.
Han meinte at nå kunne eg lage meg ein skikkeleg vinkjellar.

Heldigvis kom naboen og. Og med felles innsats fekk dei stempla opp både under ein golvås og ikkje minst synnate veggen. Når naboen jekka så knaka det i laftet vidare oppover.

Her få søre hjørna hjelp til å kome i vater att. Over helga skal det opp leca-mur.

Så avslutta vi med nypotet og spekemat.

mandag 16. august 2010

Sundagstur til Tresfjord

Sundagen var varm og vakker, og den fyrste store turopplevinga fekk mor og eg då vi kjørde ned gardsvegen. Elgmor med tvillingkalvar sprang over hjå naboen.
Turen gjekk over Slådalsvegen, der måtte vi berre stoppe og sjå på desse krøttera som hygga seg på rasteplassen. Godt med ein kvil!

Trollveggen er alltid eit mektig syn
Turen heim gjekk over Kjersemseterfjellet, og desse fine hestane høyrer nok til hjå Stall Kjersem.
Det skein fint i ferja frå Hellesylt då vi åt middag i Geiranger. Fiskesuppe er godt. Så svinga vi oss opp frå Geiranger, og like før vi avslutta turen såg vi elgokse, elku og elgkalv på eit jorde...

søndag 15. august 2010

Kviten leitar

Kviten tykte ikkje det var greit selskap å vera saman med kyrne. Han ville finne att kastratkameratane og drog åt med retning mot Tesse. Men i Smørlia vart han stoppa av
Celi og Per. Dei ringde bror min og
Kviten tykte det var heilt topp at bror min kom og ville vise vegen attende til flokken.

På flatene mellom Grjotåee vart han var ein rein og drog innover, for kanskje reinen kunne vera hyggeleg selskap ei stund. Men reinen tok spranget....

Då var det berre å fortsetja innover mot Buaberget og setrene i Smådalen. Der ville han kanske finne att kameratane sine...

torsdag 12. august 2010

Kollosal konsert

Klapp, klapp, trampeklapp og ståande trampeklapp kvitterte 400 publikummarar etter ein strålande, kollosal konsert med Kvarts og Kringkastingsorkesteret.
- Velkomen til kultur i kulturlandskapet, sa Øystein Rudi og jammen fekk vi kultur. Gamle leikje, nye leikje, arrangemet som det svinga av og ein dirigent som dirigerte i dansemodus framfor eit spelviljugt Kringkastingsorkester, populært kalla KORK. I kveld vart det nytt namn; Marienlyst spelmannslag.
En strålande kveld på Rudilåven. NRK var tilstades og gjorde oppptak.
Vi var 400 som var vitne til speleglede og musikalsk fyrverkeri. Det er berre å gle seg til Kvarts og KORK kjem som fjernsynsprogram.



Kvarts, dette opptaket er frå Landskappleiken på Geilo 2009. Her er dei utan KORK. Denne leiken var ein av mange som vart spelt i spenstig arrangemet i samspel med KORK og den 12. august. Får tru at denne kjem gjennom nålauga når NRK skal redigere opptaket fra i kveld.

onsdag 11. august 2010

Rumgrautbesøk

Jammen kom det barselbesøk med rumgraut! I grautambaren var det svært god graut, og i pakka som flygde med, ein tøff rosa-raud kjole som små prinsesser skal bruke når dei går tur i fjellet. Å bruke fjellkjole er heilt topp.

Meir Idunn

Idunn kom på meir ferie i Skjåk.
Når går dagane i kosemodus. I alle fall for bestemora


Vi kosar oss alle saman, og glashuset er heilt topp når det regnar ute. Og dei to siste døgna har det faktisk regna skikkeleg mykje til å vera her...

Leiting etter Kviten

Ved førre salting vart det oppdaga at Kviten mangla..
Og vi leitte her og vi leitte der i beiteområdet etter kastraten som var på rømmen.
Brandelius og resten av gjengen beita tilfreds i baksida ved Finshalsbua, og sette stor pris på å få besøk og saltservering.

Klapp og kos må også til
Neste dag og nytt søk etter Kviten. Han hadde ikkje funne saman med kyrne som held til nederst i beiteområdet, ned mot Smørlia

- Nå telte han meg og!
Kontroll av nummer og namn på kvart dyr som vart slept på fjellbeite må gjerast med jamne mellomrom

Salt er vannvittig godt!

Der er Kviten!
Han hadde slege seg saman med ein gjeng med kalvar. Det var nok gilt å få vera størst og lede an i kvar beste beite finst. Men då Kviten skjønte det var salt å få, gav han seg med. Han møa med bassrøyst då han trefte at kuflokken og vart salig i blikken då han fann saltstein å suge på

lørdag 7. august 2010

Laurdagstur

Onkel Pål runda 80 år og det resulterte i ein god og lang biltur. Oppstart kl 05.30 og ruta gjekk via Randsverk, Heidal, E6 og rv 120 til Flateby i Enebakk. Der venta jubilanten med god servering og det vart svært så hyggeleg med familie og prat om laust og fast.
Ettersom vi var så langt søte, la vi turen gjennom Oslo og til Kolsås i Bærum for å helse på vesle Idunn. Der vart det middag!

Turen over Valdresflya er alltid like fasinerande. Vegen og fjella er dei same kvar gong, men ljoset gjer turen spesiell. Ljoset skiftar... Og klokka vart 24. før eg kom heim.
God og lang biltur

fredag 6. august 2010

Haustprosjektet, oppstart

I dag vart det oppstart på det store haustprosjektet. Fase ein er å få isolert overgangen mellom ny og gamal del av huset, pluss å få drenert og isolert inntil kjellarmuren der baksterommet er innanfor.
Seinare i haust skal det gjerast større planeringsarbeid og masseflytting i garden. Dette blir spanande. Det skal i allefall bli eit stort staudebed. Og det kan plantast store planter dersom plantehola blir laga med maskin!

Dagens tur; salting

Det var ei drusteleg bru av snø og is - og vi brukte denne då vi skulle over Grjotåa og inn til kryrne som har late feridagar i lia mellom Grotåene.
Coop - litt mitt, stod det på saltposen.
Alle ville ha minst ein sleik, her var det litt til alle

Nam- blir heilt salig i fjeset når det er saltsleik å få

I enden på regnbogen er det ei krukke med gull, vete?

Salt, klapp, kos og ettersyn er gull for beitande bufe!

tirsdag 3. august 2010

Tredagerstur; Smådalen

1. august er ein perfekt dag å reise inn i Smådalen, ettersom Borghild hadde planer om garnfiske på Eilevsvatnet. Turen opp lia frå setergrenda var heller hard...
Inne på flya gjekk det lettare

Ved vatnet trefte vi ein glad gjeng med fiskarar, dei hadde allereie fiska ei natt. Dei godt nøgde med fangsten, så langt.
Å mudre opp ei god lei inn til lands er ein viktig jobb
Borghild konsentrerte seg om å få fiske ut av garna
Sjøl om ikkje sekken vart SÅ tung, var det fint å setja seg nedpå å speide ned i dalen og mot Smådalsvatna
Seterhuset fekk ein grundig vask

Varga har fått god vane med å vera fotomodell

Siste oppdraget var å vasse over Smådøla og opp i baksida for å salte beitedyra som har late sommardagar i fjellet. Varga ville ikkje over elva, slik at eg og ho sat att, venta og fylgde med Borghild opp lia. Ho vart motteke med glade MØ - MØ. Litt salt i ny og ne gjer godt for kastratar på fjellbeite.