tirsdag 27. juli 2010

Dagens tur; langs Gjende

- Vil du vera med til Memurubu i morgo? spurde bror min i går kveld,og det var lett å svare ja. Avreise frå her kl. 06.00 , slik at vi kom til Reinsvangen tidleg
Det var mange - mange fleire som også tenkte seg på tur i området, båtkøen var lang som eit ilt år. Med eit kønummer som tilsa at vi fekk plass kl 10.25, sa bror min; Vi går landet.
Som sagt så gjort, vi la iveg langs Gjende, den stigen som Memurufolket brukte som seterveg.

Å gå gjennom den sørvendte høgstaudeskogen var som eit eventyr. Ei vandring gjennom ein bukett av det beste av fjellfloraen.
Memurudalen inn til høgre, der Memurubu ligg. Tidlegare seter, nå ei svært så moderne turistbedrift.
Vi brukte båten attende.
Eg tykkjer nok at å gå langs Gjende er vel så flott som å gå Besseggen...

søndag 25. juli 2010

Dagens tur, Vien

Dagens tur gjekk til Vien gjennom Hamsedalen
Traseen gjekk innover solsida av dalen, eg og Varga fylgde T-råket innover til reset, før vi dreia av og gjekk innover til gamle Kvitberghytta
Gamlehytta skal fjernast, ikkje vernast...

Vien
Båt, fiskekasse og ved-depot

Nye Kvitberghytta
Rast på heimvegen som gjekk etter råket på baksida
Fin tur - kjem ikkje til å gløyme att myggmiddelet heime fleire gonger..

Kjedeleg, men nødvendig

Laurdag vart kjedeleg, men akk så nyttig jobb gjennomført. Skikkeleg vask, puss og polering av bil. Men til trøst så var det perfekt ver til slikt arbeid. Varmt, overskya og vindstille.

Vakre Valdresfly

Turen heim gjekk over Valdresflya - det vart ei makelaus vakker reise gjennom måne og kveldssollandskap. Eg trur ikkje bilde kan rettferdiggjera stemninga, men prøver lell...
Månen kom opp over Beitostølen og da eg kom til rasteplassen som eg trur heiter Rypa, måtte eg berre stoppe og fram med kamera.
Mot kveldssolnedgang i vest, fotografert like ved vandrarheimen
og slik var det bak meg..

Ved Heimsand
Enda lengre fram i Sjodalen
Ein minniverdig biltur gjennom eit trolsk landskap, vakre Valdresfly!

lørdag 24. juli 2010

Idunn og dyret

Idunn lurar på kva dette er for dyrDyreangrep!
Moro!
Er det over alt nå?

Ferie hjå Idunn

- Endeleg kjem du, eg har venta på at du besta skulle kome på ferie!
- Kva til dyr har du med deg?

- Sjå kor stor og lang og rosakledd som eg er!
- Moro med bleieskift for både meg og mamsen min når ho gjer det på denne måten!
- Sushi er ikkje riktig mi greie endå, men det er flott at eg fekk vera med til Art of Sushi i Asker og sjå på kor døkk kosa døkk!




Turisme med stor T

Det er sommar og turisme med stor T når turen kan gå via Dalsnibba ned til Geiranger og fiskesuppe til middags. Prøv du og!

søndag 18. juli 2010

Festivalliv på Eid

Arets landsfestival i gamaldansmusikk har vore arrangert i helga. I år var vi gamaldansvennene samla på Eid i Nordfjordeid. Nok eit trivleg arrangement! les meire om resulatat og klikk deg inn på bilder her www.landsfestivalen.no

Vi hadde altslags ver, bortsett frå snø. Onsdag; sommer og sol, torsdagsettermiddag; spektakulært lyn og torden. Sia var det regn og vind og sol og stille OG ikkje minst, godt ækt!

onsdag 14. juli 2010

Vasskasserensk

Krise - når det ikkje er vatn i vatningsanlegget. Då er det å ta føtene fatt og prøve å finne feilen. Denne gongen var silen i vasskassa heilt tett.
For å sjekke om det kunne vera tett i ein overgang, måtte vi prøve å få igjennom ein stakeslange

Nå fløymer det i alle fall over kassa att
Det renn nå vatn i røyra her

Utefrukost

Sommer, ferie, gjester, ingen vind og null nedbør. Då blir det frukost ute!

Lykkelege geiter

Å få flytte til nytt beit er lykke! Då spring geitene med spelen beint tilvers! Og Margun spring føre med kraftforbøtta.

lørdag 10. juli 2010

85 år

Mor runda 85 år den 10. juli, og som vanleg serverte ho stor og god blautkake med jordbær på.
Slik kake har ho laga i alle år - i allefall alle gjebursdagar som eg kjem i hug.Om kvelden reiste mor saman med barna sine med følgje til Fossheim Hotell i Lom. Dagens 4-rettars var som laga for ein gebursdag.
Mat og servering kan berre fullrosast. Forretten var laksetartar, deretter suppe med krepshaler og breiflabb før ein perfekt reinsfilet vart servert med sopp og aspargesbønner. Sausen var den same prima som har vore brukt dei siste 25 åra når reinsfilet har stått på menyen.
Avslutninga var jordbærsuppe med tjukkmjølkpudding, pikekyss, youghurt og limesorbet..... og dessertvin for dei som ikkje kjørte bil.

Kuferie

På veg inn i nasjonalparkriket for fjellferie. Frå her er det å ta føtene fatt.
I flokk og følgje forbi Festarsteinen

Det er att langt
Klårt, fint fjellvatn

Snart framme i Smådalen

fredag 9. juli 2010

Kvitt kjøkken og svart komfyr

Med eggekvit måling blir det jammen kvitt - og nå må eg måle taket og. Eg trudde det var kvitt!

Akeleier

I hagen hjå grannekona blomstar det, og ved sida av liljer er akeleier eit satsingsområde..
her finst kvite
blå
gule
og slike som desse. Fleire blomar finn du på sida som heiter blomar!

tirsdag 6. juli 2010

Raud elg

Jøss- sa dei to med raudhuve då denne flotte raude elgen kom inn i stugu. Til bestemora stod det og helsinga var frå ei anna bestemor. Eldrid tykte det høvde vannvittig bra med elg både som husgåve og som helsing til ei velskapt bestemor. Ho har tre barnebarn og det er nyttig å ha leiker på lager. Og raud elg - heilt topp!