søndag 26. september 2010

Med Idunn på fjelltur

Den første fjellturen til Idunn gjekk opp Kleivberget i vakkert haustver.

Ta meg opp

Ta meg opp da, bestemor!

Kraftkoking av reinsbein

Haust betyr slaktetid og koking av kraft. Eit hyggeleg "biprodukt" av kraftkoking er kalaset når ein kan skrape kjøtt av beina og ikkje minst margen! Med fersk mjukbrød (potetlefse) attåt, blir det eit festmåltid.
Alternativt er å plukke alt av beina og lage småkjøt.

Edel Marie 6 år

Å bli seks år er stas, og då er det viktig med mange besøk og kake med ljos på.
Denne gongen var ljoset forma som eit 6-tal.
Når det er berre eit å konsentrere seg om, så var det ikkje så leitt å blåse ut!
Veslesyster Ingrid venta forventingsfull på kake
Sia førre gebursdagen til Edel Marie har ho fått ein veslebror. Estin sat trygt på fanget til mamma, han ville vente til Edel Marie vart 7 år før han smakar på kake.
Ikkje nok med at det har blitt veslebror, det har også kome eit søksenbarn.
Ida Charlotte var også med på gebursdagsfeiringa.
Takk for besøket, oldemor. Velkomen att.

fredag 24. september 2010

Kast ut meir

Kast ut mer, dobre, sa blid og flittig murer fra Polen. Nå blir det ny grunnmur under gammelstugu. Han la også til at weiss isopor på innsiden var viktig!
Og ikkje minst, her går arbeidet unna med liv og lyst.

mandag 20. september 2010

Grave nok nå?

Graveverksemda under gammelstugu har teke heilt av!
Har eg grave nok nå tru?
Ny mur av leca skal på plass før vinteren kjem.

lørdag 18. september 2010

3 mil heim frå fjellet

Klar - ferdig - gå
Det er nysnø nedover lia, regn og surt ver. Den gode fjellsommaren går mot slutten og det er tid for å ta marsjen heim, ein tur på 30 km
Har passert høgaste punket ved Festarsteinen
I flokk og følgje
Nedover gamlevegen
Kryssing av rv 15, øverst i Rådsbakken
Over Liabrua, nå er alle snart heime
ikkje nok med at alle krøttera kom heim, i år var det ein ekstra.
Då vi kom til setra fredagskvelden hadde ei av kvigene kalva.
Ein liten kukalv hadde sett dagens ljos
og "Smådøla" fekk bilskyss heim.
Ho tok turen innom kjøkkenet til mor før ho fann kalvebingen i fjøset
Det var tørrare og trivelegare der enn i fjellet der hausten piska.

Middagsdupp er topp

Så superduperblid blir Idunn etter ein middagskvildupp i vogna ute på trilletur

Idunn klar for natti

God bok er viktig når ein skal få ei god natt
Veit ikkje om Idunn er heilt klar for natti

Idunn smaker nye smaker

Litt tvilande til mandelpotet - smakar det godt eller smakar det ikkje godt..
Norske epler smaker fantastisk

Prøvesmaking av kjøkkenmaskin

tirsdag 7. september 2010

Vi desserta oss

Som vi åt dessert, ein heilt vanleg tysdagskveld..
og gjestene hadde med vin av mange slag pluss at de suplerte dessertbordet!

Dessertkveld

Arne Brimi er den store mathelten min. Dei tankane han formidlar om naturens kjøkken, den opprinnelege smaken og reine, ekte råvarer er viktige for meg.
Kokebøkene hans blir brukt til både forlystelse og inspirasjon, og ikkje minst nyttige når eg skal finne ut eitkvart om oppskrifter.
Eg har lenge hatt planer om å teste ut dessertoppskriftene - og i kveld vart det.
Ein heilt vanleg tysdagskveld i september inviterte eg til dessertkveld. Og dessertar vart det..
Kaffi og marsipan parfait

Eple i karamellgele
Kamferkrem med bær
Blåbær i varm seterrømme, snøfrisk og litegrann demarasukker
Og så fekk eg denne flotte buketten..