mandag 28. juni 2010

Rev på jakt

Det var ingen hjort å sjå ved firetida i natt, derimot ein rev på matjakt. Han vart fylgt av to skjærer som heldt leven og ville aller helst jage han bort. Ein rev i nærleiken av reiret var ikkje dei interessert i...

OI - hjort hjå naboen

Oi - for to praktfulle hjortar som var inne på jordet hjå naboen i kveld! Og nå kjende eg verkeleg at eg skulle hatt ei meir ljosterk linse!! Spørs om eg må opp att tidleg tidleg for å sjå om dei er innpå att når ljoset er betre.

Ruskeslått

Eg blir heilt sikkert maroder i morgo, ettersom eg har drive med ruskeslått med ljå i kveld
Naboen brukte motorisert reidskap. Nå er motorljåen ute her, naboen gav meg eit grunnkurs og lånte meg utstyret. I morgo skal eg fortsetja med kantslåtten.
Men eit og anna må få stå att, anten ein brukar den eine eller det andre ljåen.

Trehjulasykkeltur

Ragnhild er på besøk hjå mormor og morfar på Nørdre. Der hadde morfar funne fram trehjulasykkelen som onkel Ola ein gong brukte. Det er akkurat passe langt å sykle sept til meg.

Ny Lalmsjente

Eg har vorte gammeltante på nytt - og det til ei ny Lalmsjente. Det er på Lalm dei bur dei to hine jentene som eg er gammeltante til og.
Og når eg er gammeltante, så blir mor oldemor. Nå er mor oldemor til fire jenter!

Tre generasjonar, bestemora er på jobb!

søndag 27. juni 2010

Heimatt frå kappleik

Landskappleiken var i år på Voss, og turen heim gjekk gjennom eit landskap så vakkert at vi kom i ekte turistmodus.
Vi kjørte Stalheimskleiva, Lærdalstunnell og etterkvart var vi klare for traseen Øvre Årdal - Turtagrø. Opp lia var som å kjøre gjennom ein blomsterbukett...
Kvitmaure
Raud jonsokblom

Markjordbær

Kongelys
Raudkløver

Vendelrot

Vi kom i slik turismodus at det vart stopp etter stopp for å sjå oss rundt
Akkurat som i reklamen
Og vi stoppa også på design-rasteplassen øverst i Bøverdalen!
Artig tur, det gjorde ikkje noko om vi brukte lang tid heim...

Minst fem kilo

- Ska si ho ha kome se, vorte minst fem kilo, sa oldemor då Idunn kom på besøk. Oldemor var på besøk på Kolsås då Idunn var tre døgn. Nå har det gått ein månad sia den gongen, og oldemor tykte det var stas å få besøk.
Idunn tenker på besøket hjå oldemor. Det var så fint å sove på sofaen hjå henne.

onsdag 23. juni 2010

tirsdag 22. juni 2010

Barnebarn for alle penga

Når dotterdotter, svigerson og dotter kjem på feriebesøk blir blogg, fjesbok, nett og epost lagt på hylla. Nå er det dei nære ting som har full fokus! Prinsessebryllup og litt VM fotball har det vore på TV-skjermen, da.
Glashuset er fint når det er sur nordavind!

Nå har eg rapa frå meg1

Eg trur eg vil ha den pyjamasen der..

Ein titt i spegelen etter kveldsbadet-

onsdag 16. juni 2010

I kveld var det to

Høymol er ekstra godt..
I kveld var to elgar innom på kveldsmat, nå er snart heile kvota synt seg
fram på jordet hjå meg!

mandag 14. juni 2010

Kveldens gjest

- Er det her eg skal eta kveldsmat i kveld, tru?
Nam - nam...
og eg ynskjer meg ei endå meir ljossterk linse..
Går rimeleg greitt med den eg har nå når det er ljose kveldar



søndag 13. juni 2010

Dagens tur: trilletur på Kolsås

Etter hyggeleg 30-årsfeiring på Rogne i Valdres, reiste eg innover til byen.
Ein fin biltur nedover Begnadalen og langs Sperillen. På Kolsås venta Idunn, og ho var til og med oppe då eg kom ved halv tretida om natta..

Søndagsturen vart først trilletur på Kolsås, der Idunn og Pingu på utforski fekk skyssa seg gjennom boligfelt med flotte hager og duftane syrinar
Godt tilfreds med turen.
Fint å sove medan vogna duvar, blir så god ein søvn av slik
Deretter skifta dagens tur karakter, det vart heimtur med bil. Mellom Maurvangen og Bessheim treffte eg denne reinsflokken som også var ute på tur!


tirsdag 8. juni 2010

Ferdig med oppskytinga

Det er ein skytter i siluett som helsar velkomen til skytebanen til Lom og Skjåk skyttarlag. Skyttaralaga slo seg saman i 2004, og har lagt ned ein stor innsats på anleggsfronten. Siluetten er på standplass til 300 meteren. Inne i skyttarhuset heng den gamle fanen til Skjåk skyttarlag
I skyttarhuset er det god plass og kafe, med kaffi og skyttarvafler.
Kaffi og vafler smaker godt både før og etter oppskyting.

Der, på 100 meters avstand står både blinkar og reinsdyrfiguren.
Fyrst 30 skot på blinken, og så 5 skot på reinen til jegerprøve.

mandag 7. juni 2010

På flyttefot

Geitene var nok spente på kvar Margun ville lokke dei i dag,
dei pila etter i samla flokk.
For ein herleg plass, plenty med mat rundt noko som kan brukast til leikeapparat!

søndag 6. juni 2010

Dagens tur, over Skriuhaugen

Varga tykte det var varm og kjeitt å gå opp lia i dag. Ho tykte det var kjedeleg oppå høgste Skriuhaugen og.
Det var faktisk ganske mykje betre å sole seg nedpå myra innafor Rundhaug medan eg fotograferte.

Molta har ingen tanker om at kanskje nattefrosten slår til igjen
Greplyngen syg til seg livgjevande solstråler
dei same som molteblomen.
Kanskje båe får sett bær og frø..

Dansegolvet i bruk

Først var det heftig innsats med å kaste kil.
Dette er ein idrett med låge omkostningar når det gjeld anlegg og utstyr. Her kan all innsats konsentrerast i sjølve kastet!
Deretter svinga vi oss - prima golv!