torsdag 28. mai 2009

Tal dialekt, skriv nynorsk


"Tal dialekt, skriv nynorsk", denne kampanjen vart lansert fyrst på 70-talet. Eg var i min grønne ungdom og bestemde meg for at det skulle eg jammen gjera. Og det gjer eg framleis. Eg gjer så godt eg kan med å halde i hevd eit levande talemål der vi ennå har att nokre dativformer og reknar med tvæ, två og tvau.
Den 27, 28. og 29 mai har LNK landsting og årsmøte. LNK står for Landssamanslutninga av nynorskkommunar og årsmøtet var lagt til Hotel Aleksandra i Loen, Stryn. Eg var så heldig at eg fekk representere kommunen min på landstinget.
Klikk deg inn på linkane og du vil få vite meir om kva som gjekk føre seg.
Hotellet har ein flott hage, måtte berre ta nokre bilder, slik at du fekk sjå! Elles så kan du finne ut meir om hotellet ved å klikke på linken.







søndag 24. mai 2009

Lea de - på Folkemusikkveka på Ål

Alle klare til øving.. Sigurd Heide har regien.
" Bygda dansar" er ei nasjonal satsning på ungdom og tradisjonsdans. I Oppland fylke har satsinga fått namnet "Lea de" og i helga var det samling, øving og ikkje minst; framvisning av ein bit av førestillinga "Tverrsnitt". Staden var Ål i Hallingdal der den årlege norske folkemusikkveka gjekk av stabelen.
Opningscena

SOMMAR

Det er sommar når Geirangervegen er opna!
Tid for softis!

Bispberget

Austover mot Lom
Forbergsråket er ein spektaktulær oppleving. Her går stigen nesten rett opp gjennom urd og berg. Oppi lia går råket til og med på eit skår i berget før han svingar innpå Bispberget der Fjuken kastar seg utfor stupet. Du skimtar det brusande vatnet ved snuten til Varga.



Utsyn



Nordberg, med Øyberget til høgre

tirsdag 19. mai 2009

Trykke - trykke

Eg har inga trykkevegring. Nå har eg trykt og klikka meg rundt, lurar på om bloggen framleis har vanleg visning. Eg gjorde eit forsøk på å få fram bilde av meg og nokre skildrande ord på profil, men det gjekk visst skeis... får prøve att i morgo

mandag 18. mai 2009

Slått ut




Det var ein aldeles super 17.mai med sol og varme.

Det kan bli heitt inni bunaden. Ja, ein kan bli heilt slått ut!

søndag 17. mai 2009

Vår,vinter og sommar

I år skulle 17.mai feirast på Kolsås. Dette vart ein fantastisk tur gjennom eit norsk landskap som er i forskjellige årstidar. I Sjodalen blomstra mogopen og var eigentleg langtkomen i arbeidet med å fortelje at nå er det vår.

Valdresflya, når denne strekningen er open, både natt og dag er det sommar.

Sjøl om snøen framleis dekker landet rundt og ivrige kitarar jobba med ski, skjermar og vind frå både her og der.

På Kolsås var det ein annan type vår, der blomstra epletrea.


17. mai.
For ein fantastisk dag.
Vi er ein fri og sjølstendig nasjon.
Posted by Picasa

Restaurant i byen

Supert å eta ute når både mor, dotter og dotterdotter kunne samlast saman med fleire i familien til triveleg bordsete. 17.mai byrja med restauratbesøk om kvelden den 16.mai

Mor, dotter og dotterdotter

God mat og godt selskap
Posted by Picasa

fredag 15. mai 2009

NKUL i Trondheim

Gløshaugen er staden for NKUL - Nordisk Konferanse for Utdanning og Læring. Der har eg vore deltakar i tre lange og interssante dagar. Konferansen vart opna onsdag 13. mai av kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell. Så gjekk konferansedagane med smart board, geogebra, kart i skolen, læring gjennom sosiale nettverk og anna som rører seg innan læring og digitale medium. Spanande og interssante dagar. Konferansen vart avslutta i dag av Paul Chaffey.
Flott bygg

Nidarosdomen, historie, arkitektur, orgelkonsert var tilbodet om onsdagskvelden

Det er mange perler i Trondheim








søndag 10. mai 2009

Sjeldan rase

Her er vi, Pilt og Pompel

Sjeldan fin brandåte farge som glitar ekstra når sola skin






Så moro!



- Kom igjen, dette kan blir tøfft!
Pompil og Pilt, er to stutar av rasen Dølafe. Desse to er sjeldne dyr. Faktisk meir sjeldan enn tiger. Det er ikkje att så mange dyr av denne gamle kurasa. I dag skulle dei ut, saman med dei andre som gjennom vinteren har hatt det trygt og varmt i fjøset hjå bror min.







































Pilt og Pompel







Pompil og Pilt, er to stutar av rasen Dølafe. Desse to er sjeldne dyr. Faktisk meir sjeldan enn tiger. Det er ikkje att så mange dyr av denne gamle kurasa. I dag skulle dei ut, saman med dei andre som gjennom vinteren har hatt det trygt og varmt i fjøset hjå bror min.


















































søndag 3. mai 2009

Skogstur i sola

I strålande ver gjorde eg eit forsøk på å finne att gamle råket opp til Rundhaug. Eg er er sikker på at eg var på råket her. Men litt lengre oppi lia vart det verre. Skal prøve att sia. Men Varga kosa seg i sola og med skogstur og tykte det var heilt greitt at vi skal gå fleire turar.

Glad nabo

Så glad vart naboen då han vikk kopla saman ny veranda, gamle glasgrinder og ein paviljong vinden hadde herja med. Nå kan det vera verandaliv i solskinn, regn og vind.

fredag 1. mai 2009

Fantastisk dag

Sola går nok ein gong ned i vest, etter ein utruleg flott 1. mai. Sol og varme, grøne jorder, grønnskjer i bjørka og snø på toppane. Vatnet og fortel at nå er det vår. Eg høyrer det på låten.
Når vi attpå til er så heldige at vi er bur i Noreg, eit trygt land der vi har alt vi treng og vel så det. Da kan ein godt vera glad i dag og.

Også eg

Nå har også eg ein blogg. Han heiter Glad i Dag. Det er viktig å vera glad. Det er mykje meir moro når ein er glad.