fredag 13. januar 2012

Gildt med god granne

Oppatt og  oppatt.... Godt med god granne som freser snøen hjå meg og!
Å tenk,  til våren reiser all snøen av seg sjøl.

SNØ - SNØ

 Oi  -  jammen har det lagt seg på ei fin drev-fonn på kjellarnedgangen. 
 Må nok måkå ned den, ja!
 Guffent -  og ganske greitt når naboen brøyter. 
Da kan eg berre ligge inne med føttene under omnen og pleie influensaen min.
 Det er skiføre på jordet!
Eg målte 34 cm på flat mark,  borte ved stolpen ved hydranten.  Det er ganske mykje her oppå ein snau haug der vinden får godt tak,  same kva kant han kjem frå!

lørdag 7. januar 2012

Kalas i Randsverk

Syster mi fyller år på tampen av jula,  og i kveld skulle årmålsdagen markerast.
 Estin lurte på om han skulle lesa ei forteljing om dyr til bestemora si.
 Han ville i alle fall ha lesebrillane til gammeltante,  brillane skulle ikkje vera i fjeset på Ida Charlotte.
 Dei to eldste barnebarna øvde styrke medan oss venta på serveringa.
Og jammen vart det eit stort fat med cupcakes!

Sauhugukveld

 Pent, pynta bord
Sauhugu på tallerken
Gode venner i triveleg matlag.
Tusen takk for nok ein fin kveld,  døkk tvau oppi øvre Brekk for at de år etter år ber inn til sauhugukveld!

torsdag 5. januar 2012

Huder og skinn

I går kveld fekk eg besøk av bror min.  Han hadde med ei pakke under armen.  -
- Versågo, sa han.  Er du heldig så er huda av "Stor-Ola" inni der, la han til. 
Og det stemde. Nå har eg ei oksehud på golvet.  Håra er like blanke og fine som då huda var uttapå ein levande stut.  Ein stut som skein i sola i Smådalen.  Han såg ut  ut som tiger med dei brandåte fargane sine.
I sofaen bak ligg sauskinn.  Nå blir det etterkvart betre ljos,  da skal eg til med  prosjektet skinnfell!

mandag 2. januar 2012

Romjul i Hemsedal

Så var det tid for romjul i Hemsedal.  
På Hustadhagen er det fint med akebrett,  i allefall nedover gardsvegen! Da kunne besta springe ved sida av og halde i snora.  Det tykte besta var betryggande.  Idunn ville helst kjøre sjøl.
 Det er nå eit bask med denne skihjelmen til mamma.
 Morgonkaffien til mamma er alltid perfekt.  Ein kaffisup er ein fin start på dagen.
 Ventar på at eitkvart skal skje.  At det kjem vatn for eksempel!
 Mamma og pappa skal ut på ski, Idunn og besta skulle stelle heime.
 Pennepasta er perfekt fingermat.  Og utruleg god å klemme på når det er tomatsaus!
 Kaketesting  -  her er det serinakaker frå oldemor Rust.
 Kven skal eg ta tru??
 Idunn i skåpet og Leo i skuffa.
YEAH  -  eigne briller!  Mamma og pappa hadde med seg briller som måtte prøvast med ein gong.  Dei er nok perfekt når det går fort-fort med akebrett!