mandag 31. mai 2010

dansegolv ferdig

Dansegolv på plass

I ettermiddag kom dansegolvgjengen att, og det gjekk unna så flisene fauk
Inn med plata
Og innan sola gjekk ned, så var golvet på plass.
Nå står det att for meg å rydde og å få på plass kil-oppsettet.
Fredag skal det vera lagsmoro her. Spel og dansarlaga i Vågå, Lom og Skjåk skal møtast til kil-konkurranse og hyggeleg moro.
Og dans!


søndag 30. mai 2010

Bursdag og bryllup

For ei helg!
Bryllup på gebursdagen! Brit og Vidar har tilfeldigvis same fødselsdag, og ettersom den datoen i år fall på ein laurdag, passa det perfekt å gifte seg.
Ein strålande dag.

torsdag 27. mai 2010

Snart solid dansegolv

Første spalte innkomen, nå skal ho vatrast opp.
Spalteplank er skikkeleg underlag for eit dansegolv.

Det skal vera akkurat der!

Kaffipause må det vera tid til
Justering av 2 x 4
Nå manglar berre danseplatene, dei skal på plass om måndagskvelden.
Golvleggarane skal avslutte jobben med å skrive namna sine på golvet

søndag 23. mai 2010

Dagens tur, denne gong i bil

Vakre Vestland var turmål i dag. Mor og eg starta i ti-tida, målet med turen var Tresfjord Trygdeheim der tante Mari og Lars bur. Heimen deira på Nerheim var ferieparadis for oss som kom frå fjellet. Her var det lydar og luktar som var eksotiske, Vestlandet vart ferieparadis - og det er det framleis. Også for mor er Vestland ferieparadis, når ho fortel om dei gongane ho og far var på motorsykkeltur. Dette var før eg vart fødd. Det var først på 50-talet med svingåte grusvegar og ho hadde ein Bergansmeis på ryggen. Seinare vart det turar med bil, og skyldfolket på Nerheim tok imot oss med opne armar. Eg hugsar den gongen, og den gongen...
Det er fint å kunne få kome innom trygdeheimen og helse på desse to heltane i livet mitt; tante Mari og Lars.

mandag 17. mai 2010

Dotterdotter

Her er Idunn - tre døgn gamal. Dette må vera verdens flottaste dotterdotter
Klar for finkjolen og sin aller fyrste 17. mai.
Det er flott å vera fødd i eit land som kan feire friheit og sjølstende
Det er ei fryd å ha dotter og dotterdotter

Idunn på fanget til oldemor

Er maten her tru? Må ha litt mat etter all denne fotograferinga, minst tusen millioner bilder..

Slapper av litt

Korga som pappa låg i då han var liten er knallbra, altså!

Verdens beste plass for eit rap og ein dupp
Idunn, eg gler meg over deg og vil gjerne få fylgje deg lenge gjennom livet
Du er i dag fire døgn.
Eg har allereie mange, mange foto av deg.
Eg måtte berre plukke ut nokre og vise fram.
Det kjem sikkert til å bli mange, mange fleir foto etterkvart som du veks til





søndag 16. mai 2010

Hjort på vårleg mark

Det er vår når hjort, elg og rådyr vågar seg fram på dykra mark for å finne grøne spira. Det grøne, ferske og livsgjevande graset er viktig etter ein lang og kald vinter.

onsdag 12. mai 2010

Golvvask i det fri

I midtlyu skal det ikkje bli nytt golv, dermot hadde golvet godt av ein vask. Plutseleg var kveldens prosjekt å bera ut golvet og starte vaskinga. Nå ligg golvet i bløyt - i morgo skal det skrubbast og skyllast. Deretter er det soltørking og så innatt.

Optimisten

Gul og glad! Gullbosten er eit gledeleg innslag i ein sur og kald mai.

mandag 10. mai 2010

Grunnlag for dansegolvet

Det gamle golvet i lyu kom ut i ein fei då Pål, Jan, Sylfest og Torkjell gjekk laus med liv, lyst, brekkjern og ei stor bladhakke. Etter at høymå og anna brask var utmåkå, vart konklusjon at då skulle det få tørke ei vekes tid...
I staden for å legge dansegolvet på traktordekk, som lenge var ei heit plan, fall valet på spalteplank... Heldigvis kom naboen med traktor og bar alle innåt døra. Nå er det klart for neste steg i prosjektet med å legge dansegolv i lyu. Jammen er eg heldig som har gode medhjelparar. Det skal bli moro den 4. juni når golvet skal innvigast.

Ny inngang

Det blir eit heilt nytt inngangsparti hjå syster mi, når Finn får tilgang på eit lass material!

Moro å springe etter Varga

oi- kvar er Varga?
Der!!

Springe fort -fort - fort
Godt å finne att bilen





Født til vandring

Far etter rein
Født til vandring
Vandrar vidare

Vakkert i Breidalen

Lett å kome seg på vårskitur..

fredag 7. mai 2010

Mykje rart i almenningskogen

Det er mykje rart i skogen, her er frå den gongen det var dyrka VW-boble ratt i Kvitingslia. Plantasjen er nedlagt nå.

søndag 2. mai 2010

1.mai

Raude roser i Meissen-porselen til ære for dagen. Takk til alle som har gått opp vegen slik at vi har ein velferdstat. Og vi må ikkje tåle så inderleg vel den urett som ikkje rammer oss sjøl. Det er mykje utgjort når vi lyfter blikket og ser på globaliseringa.