fredag 25. januar 2013

Kaldt, men fint


 Eg skulle sy Lom på eit møte i prosjketgruppa "Diktarhus" etter arbeid i dag.
Eg hadde med fotografiapparatet og måtte berre prøve å fange steminga.  Her like synna Bismo
Lina heng tung av rim
 Hustre å vera bjørk i Grønbrekk.  Skal tru om ho får varige men?
 Hustre med frostrøyk
 Inni rima bjørk ligg Skjåk kyrkje
 Like hustre da eg for nordover att
Fullmånen var på plass da eg svinga inni garden.  Nå snur nok veret.  Det spår både fullmåne og yr.no

onsdag 23. januar 2013

Telaskott

2013 har så langt vore kaldt.  Det har vore flest av minus 20 og kaldare.   Telaskotta går i veggane.  Etter eg hadde lagt meg i går kveld,  så small det til.  Då var lyden dumpare.  Eg trur det var telaskott i grunnen.

Det er godt å ha ved.  Lina med straum er også god å ha.  Sjøl om eg mislikar ho på bilde.  Om eg fotograferera austover som her, eller står ved huset og fotograferer vestover,  så er ho attivegen.  Men det er godt med straum.

fredag 11. januar 2013

Ved

Da stuper temperaturen ned og har passert 20 minus.  Om ein månad er sola attkomen.  Det som kom i dag var eit lass med slip.  Nå blir det ved.

tirsdag 1. januar 2013

Godt nyttår

 Nyttårskveld frå oppi trædet
 Full fres i Arnestugutrædet
 Show for heile grenda
Godt nytt år 2013