onsdag 29. juli 2009

Grilltak

Eg hadde ynskt tak over grillen, eller i det minste eit grillovertrekk. Da eg kom att frå kujaging stod dette ferdig, Vegg og vindauga men eg hadde hatt for få takplater, slik at det er ikkje komplett, grilltaket. Men det blir det!

Inn i flokken att

Bror min hadde ei utbrytargruppe av ungdyr, dei hadde utforska beiteområdet på eiga hand
I dag kom desse inn i hovudflokken att

Her er gjengen samla att

Nå er det like før saftige beiter i Grjotmellom.

Sist sundag

Her kjem bilda frå sist sundag. Utflukta starta med "Kafe med elvesus" på Påleplassen.
Påleplassen er i Bråtå, han ligg i baksidelandet av Pålebrua.
Pålebrua er flott.Superglad fordi kveldsmaten er sikra med ein sopp!
Ja - fann fleire og,


Utsyn vestover Raudalen

Og austover frå Raudberg er også fint å skode

tirsdag 28. juli 2009

Lykkeleg traktor

I dag vart traktoren lykkeleg. Endeleg, etter mange år under open himmel fekk han tak over "hovudet". Og ein liten lovnad om at neste sommar skal han få ein puss og ny raudfarge.

Hengekøye

Plutseleg var hengekøya på plass. Dette blir superfint når dei to vindauga, som står sy Lom på Byggmix, kjem på plass. Det blir over helga.

søndag 26. juli 2009

Peer i Presthaugen

Vandring med Ibsen er Peer Gynt som vandrespel i Presthaugen i Lom. Prestens tale er ein del av dette skodespelet. Her er statistar frå Skjåk spel og dansarlag klar for gravfølge.
Det er att ei framsyning denne sesongen, i morgo den 27. juli.

Vestlandsafari

Vestland - Vestland er heilt naudsynt når ein har gjester frå utlandet. Og runda Grotli - Geiranger - Ålesund - Ørsta - Volda - Stryn er ein flott måte å syne fram naturen vår. Fjellstua og ustynet frå Aksla er alltid ein vinnar

Pasta på veranda

Pasta i spagettiformat er ikkje alltid den lettaste maten å eta...Verandaen vart innvigd med pastakalas sist fredag, veret var passe varmt og det var pasta på menyen






onsdag 22. juli 2009

Elg

Elgen min sa tidlegare i dag at han var ikkje nøgd med plasseringa si, å liggje på rygg i gammelstugu var ikkje noko for han. Derfor vart det ny plassering, i nørdre gangen.
Han elg tykte at dette var supert, og gav uttrykk for at plasseringa var prima, passe varmt,
og han kan studere alle som bankar på!

Best med brekkjern

Best med brekkjern....
Rå med motorsag
Nå skal det bli nytt vindauga i det gamle kufjøset.

Hagen til grannekona

Grannekona mi, Margun er svært glad i blomar. Hagen hennar er verkeleg eit syn nå i sommarvarmen. Margun inspirerar meg og til etterkvart å satse på eit eller fleire staudebed. Antageleg må ho ta jobben med å forsyne meg med stauder og sommarblomar som overlever hjå meg. Det er slett ikkje sikkert at eg får like flott resultat som ho. Berre sjå, eg er ikkje sikker på kva alle heiter, oppdatering på det kjem etterkvart.
Raud og fin

også ei fin farge
Dette er i alle fall ein roseknopp

og dette kallast vel busknellik

Dei fremste ser ut som solsikker, men eg trur at solsikker er gule....

Dette er heilt sikkert ei georgine

Erteblomst og ein gamal heimsmidd spikar

Fin? og lilla er den kreative farga

Gul og kul?

tirsdag 21. juli 2009

Superveranda

Det vart litt av eit inngangsparti! Verandaen vart større enn eg tenkte, reine dansegolvet.

Jordbær

Når det er jordbær frå eigen hage til dessert kvar dag, da er det sommar!

mandag 20. juli 2009

Attraksjon

Det har regna i natt og i heile dag. Det er ein attraksjon her i tørre Skjåk. Og ynskje om ein lystpaviljong med peis er nokså sterkt. Spørs om holet i veggen må tettast før lystpaviljongen kjem på plass. Men så er det viktig å gjera det som er morosamt. Og så veit eg eigenleg ikkje kor lang tid eg må vente på dei nye vindauga eg har tinga til den integrerte vinterhagen min. Men
det spørs om det er opphaldsver i morgo. Da må storverandaen bli ferdig. Trur eg.
PS - lystpaviljong er eit hus som kombinerar paviljong og lysthuseigenskap. Og så peis.

søndag 19. juli 2009

Bålpanne

Kva kan skje ein sundag når det regnar? Ikkje har vindauga dukka opp, ei heller har Skjåk Trelast ope slik at eg kunne få tak i meir verandabord...
Da vart det å lage ei bålpanne, her er prototypa under uttesting med feitved oppi.
Svart røyk fortalte om svært mykje tyri i veden.

Då var det å finne fram svartkjelen og det tok ikkje lang tid før vatnet kokte. Klart for servering.

Og med Maria og Inge frå Tyskland på besøk var det
faktisk ganske så moro å servere under bølgeblikktaket!

lørdag 18. juli 2009

Fortare enn eg har tenkt

Medan eg ventar på nytt vindauga til den intergrerte vinterhagen min, kom nok ei dør ut... og plutseleg var det ein veranda. Fortare enn eg hadde tenkt og mykje større enn eg hadde tenkt.
Eg burde ha skjønt at det tok lang tid å få ta i nye vindauga nå i ferietida. Lurar på kva som vinst å skje her innan dei kjem...


torsdag 16. juli 2009

Tapet - kanskje?

Etter å ha sett i det eine boligbladet etter det andre, så fann eg ut at kanskje det var ein ide å ha tapet på ein vegg på kjøkkenet. Men tapet, er det nokså mykje arbeid. I all fall grunnarbeid. Derfor var vegen stutt til gavepapiret! To ruller og litt tape, så har eg tapet for ein dag eller to. Med mininalt bruk av kjøkkenet, så varar veggen lenger. OG ein kjempebonus; eg kan skifte når eg finn det for godt. Tenk kor mykje fint papir som er å få kjøpt.

onsdag 15. juli 2009

Veggriving

Ettersom glasverandaen vart avlyst, måtte noko anna drastisk skje. Rive veggen mellom stugu og kjøkkenet var lugumt arbeid.
Det ser lovande ut, berre eg finn ein plass til elgen.

Kripspiga flingor

Når ein skål med krispiga flingor plustseleg hoppar ned frå bordet og snur seg opp ned, då er det supert med ein liten støvsugar på fire føtter...

tirsdag 14. juli 2009

Glasveranda avlyst

Sukk, i dag vart den store planen om glasveranda lagt endeleg død. Det blir vanleg veranda med rekkverk. Men har nye, store planer; kva med eit lysthus med peis?

mandag 13. juli 2009

Slow food til fjells

- Klare for å vandre vidare? Samling ved Festarstein
Lang - lang rekkje, om tre- fire timar er vi ved målet

Drikkepause, gul saft er reine styrkedrikken


Godt!

Vardevakt

Fine blåklokker, dei får stå i fred nå...

Greitt å ha sætervegen å halde seg til


- er det att langt nå?


Her skjer det visst noko

Endeleg framme!
Dei siste formaningane før ferien byrjar for fullt

Ferieland