tirsdag 25. januar 2011

Geit på meyen

Det er leitt å ta fint bilde av middag på tallerken, det er nok ein spesiell profesjon å lage bilder til kokebok. Kokebok var litt støtte då geit stod på meyen. Det var vanskeleg å finne noko oppskrifter med geit, ein del hjå dansk geitunion. Berginga vart å tenke at desse geitene til
Margun har same menyen som vilt - og då var det lettare å finne noko å ta utgangspunt i. Ei noko modifisert marinade til vilt vart laga, mellom anna med viltkrydder frå Nordigard Aukrust. Etter to døgn i marinade var det tid for bruning og deretter i gryte inni ovnen. Etter tre timar i steikeomn og eit beger creme fraice og litt meir salt var det klart for geiteragu med mandelpotetmos og tytingsyltetøy. Marguns geit smakte fortreffeleg!

søndag 23. januar 2011

Tøyr


Tøyr , heile 6 varme og vind- Da er det to måtar å reagere. Seta seg roleg å sjå på kva som skjer, eller å kaste seg rundt for å strø og måke av og bort og vekk. Kva metode vel desse to nissane tru?

lørdag 22. januar 2011

Bakstekurs

Nissen spratt oppå baksefjøla og var godt tilfreds med innsatsen på bakekurset. Han hadde ein del bekymringar for arbeidstillinga, og lova ut å fikse høgda på bordet til oppfylgjingskurset
- Dette går strålande, det blir snart ferskt mjukbrød og kokte egg...

torsdag 20. januar 2011

Ingen tøyr så langt i vinter

Eventyrlege vinterforhold - det har ikkje vore tøyr endå i vinter. Eg har måka meg veg til skålen. Vanlegvis slår det til med varmegrader rundt jul. Nå har det vore minusgrader sia oktober.

søndag 16. januar 2011

Sånn er livet

Eg besøkte syster mi i dag, ho hadde besøk av dei fire barnebarna sine og. Det var dei to yngste det vart flest bilder av i dag.. - hei, den rangla der er mi, altså!
nei- nå vil eg låne...
- tapte denne gongen..
- livet er urettferdig, altså!
- livet er herleg, alstå...

søndag 9. januar 2011

Manuelt album

Ettersom Varga har vore redusert på grunn av livmorbetennelse, så har det vore mest pusling på heimebane. Eg måtte ha ut jula, det fine juletreet Jo fekk på plass, måtte ut. Det er utruleg kor mange barnåler som fnst på treet. Eg hadde hatt plass til dobbelt så høgt tre, da ville det ha vore dobbelt så mange nåler.
Varga og eg har vore ute på gåtur i dag, over Lundahaugen og oppatt via Kilbretten. Men beste jobben i helga, er å få laga eit gammaldags album - eit bestemorskrytealbum. Det er fint med bilder på pc og nett, men å få limt bilder inn i album er topp.

søndag 2. januar 2011

Jul-romjul-nyår

Den første jula for Idunn
Eg er kjempeklar

Ja - har lese på lappen!
Ein smak av nisse!
Tøft med antrekk fra Nøstebarn
Enda artigar med sauskinn
Til hausten vil eg vera med på blåbærskogen!
Blåbær er skikkeleg godsmak