onsdag 29. februar 2012

Skotårsdagen 2012

Vårblautt og varmt, skotårsdagen i 2012
 I går gjekk eg Åsen rundt,
på klister. 

onsdag 22. februar 2012

Hjå oldemor

 Vi skulle besøke oldemor og stoppa på Bergom og kjøpte kanelsnurr hjå Bakeriet i Lom
 Heldigvis rakk vi ikkje å ete så mykje av dei,  for når vi kom til oldemor var serveringa på bordet.
 Kjøttkaker på gaffel!
 Går an å eta kjøtkaker som fingermat og.  Og kjøtkake og raud saft smakte fortreffeleg.
 Plutseleg banka det på døra og inn kom tremenningane frå Lalm. 
 Idunn vart så glad at ho dansa rundt og rundt.
 Fire av fem oldebarn samla!
 Det var ikkje aldeles greitt med tremenningar.  Det vart kamp om tigeren.
 Men jordbærsyltetøy kurerte gruff
 når det rulla rundt på tunga og vart smaksanalysert.  NAM var konklusjonen.
Idunn og Estin.

tirsdag 21. februar 2012

Ein dag på SUS

 Dette var da ein lang og fristande gang.... sikkert fint å springe!  Men kvar er alle elevane?
 Jasså  -  er det ku som er på timeplan i dag?
 Jammen har besta trivelege kollegar. Torgeir strekte ut ei hjelpane hand.
 Litt styrkedrikk før neste time.
 Var dette her kontoret til besta?
Kan i alle fall rydde på plass denne før vi reiser heim.

lørdag 18. februar 2012

Vinterferiegjest

 Jammen er det perfekt å få mjukbrødbeta med raudost til frukost!
 Snø!
 Full fart inn att...
 og boms nedpå skinnfellen hans onkel Jo for å slappe av litt.
 Enda betre vart det når ein får beilla seg ned med eit kje-skinn.
 Tid for middagslaging.  Middagen gjekk bort i tull for på Myrajordet var det to elgar.  Å sjå på elg er ein mykje brukt aktivitet her på bruket.
Så laurdagsgodt attåt Fantorangen.. 
I morgo er det nye påfunn -  det skal da vera aktiv vinerferie!

tirsdag 7. februar 2012

Måneskinnsfotografering

 Rundt 15 minus, vindstille, klårt og fullmåne...
 Måtte ut og sjå på stemninga
 Plutseleg blafta nordljoset over Bispberget
 og så over Bøverhaugane!
 Tverrfjellet er fint i altslags ljos
 Skispor
Månemagi 
enda meire skispor!

søndag 5. februar 2012

Kom deg ut dagen

 Kom deg ut dagen vart lett, eg la turen oppover skogsvegen og 
gjekk oppi skogen.  Eg labbba meg oppover snauflata ogofor skogskoia, berre for å renne meg i laussnogen. 
Og likast av alt;  nå er det så mykje laussnø at eg torde å renne nedover trædet!