søndag 31. januar 2010

Sundagstur på elveis og fossefall

Heldigvis hadde eg turavtale med Kari Elin og Kåre. Kvikksølvet var nok ein gong på veg nedover og nærma seg 25 blå. Det var fristande å forsette sundagen i godstolen og med sport på tv. Då vi først kom i gang vart vi varme nok der vi stampa oss oppover skogen og innpå elveisen. Vi har vore på tur der før, nå var det spanade på nytt. Naturen kjem tett innpå når ein går i elvefaret og høyer vatnet renn under snø og is. Og nokså skummelt når det smell og det er knekk og knaslydar i isen.
Kom nå, kvinnfolk! Kåre går først opp den vesle fossen ovafor Gjelbrua.
Turkjole er tingen! Då held eg meg god og varm langt nedover.... og det trengst når det er kaldt!
Flott!
Her torde vi ikkje å gå vidare.
Vi hadde ikkje med tau og anna sikringsutstyr.
Vi har ei sterk tru på at det er djupt i hølen og ingen av oss hadde lyst til å gå gjennom
Men så mykje det er å ta bilde av!
Og så kalde oss vart på fingrane!

søndag 24. januar 2010

Dagens tur

Dagens skitur gjekk opp Lykrelia til Vikhøa. Å gå vidare innover vart berre kjeitt for Varga. Det er ikkje mykje snø, men det som finst er sundfrose og Varga buka alle stader. Derfor vart det pause og vi prøvde å slikke litt sol. Vi skimta ho bak skyene.
Heimvegen vart fotografert. Varga sprang og eg rende ved sida av og fotograferte i fart...
Fint trav
Her stoppa eg - men det gjorde ikkje Varga, ho dreia til sides og fortsatte nedover. Finfint å springe der det hadde vore kjørt med snøskooter.

I naboen fjøs

I naboens fjøs er det kje. Geiteungar med andre ord. Dei var slett ikkje klare for sprett og sprell til ære for fotografen, ettersom det var kvilingsstund. Kom att sia.

søndag 17. januar 2010

Lea de - Vinstra

Lea de ungdomane hadde samling på Vinstra i helga. Nå byrjar førestillinga deira å ta form. Det vart ei knallhelg med hardøving. Flinke og konsentrerte. Og heilt rolege om natta. Det kan eg melde, fordi eg var nattvakt på skulen der dansane sov på flatseng.
Sjefsdanseinstuktørprosjektleiar Stian i fint driv. Her er det parhalling frå SørFron som er tema.
Vendingstak frå springleik
- Greide det som ingenting....
Meir springleik. Variasjonar og tradisjonar frå Vågå, Lom og Skjåk var øvd og prøvd.

Syster mi var 50

Molte i varm saus laga av kremfløyte, snøfrisk og G35 Blåbærparfait på nøttebotn stod på menyen då syster mi runda 50 i førre veka. Molte og rauost var jammen godt.
Foto av jubilanten; nei ,det kom ikkje på tale...


søndag 10. januar 2010

Tøffe typer i telt

Tøffe typer bur i telt året rundt

Kaldt? seier du det?

Betre med snø enn med holke

Ok, vatn finn eg i når eg dyttar til sides ballen i holetMå nok vedgå at det var betre i Smådalen i sommar



Godt med kraftfor, det er til og med dobbelt dose når det er så kaldt

lørdag 9. januar 2010

Ullskjørt i kaldveret

Inneliv blir kjedeleg i lengda, og i dag fekk eg for meg å konstruere eit nytt ullskjørt. Må da ha noko artig å gjera. Med hekling på, og så vart det eit trykk. Dersom dette ikkje blir så bra som eg tenkte, da kan skjørtet resirkulerast og bli ei pute.

fredag 8. januar 2010

Fint og kaldt

Berre ein har nok ved til å mate omnen med, slik at vatnet ikkje frys og det elles er god temperatur inne, så er det nå vakkert, dette kalde klare veret.

Det er att jul inne
Både moderne og gamaldags graderstokk melder om temperaturar under 30..
Eg veit andre stadar i landet har det endå kaldare.

Gjestar i hagen

Har hatt besøk av rådyr i hagen. Det er ikkje greitt å finne seg nok mat når vinter og kaldver strammar grepet. Spørs om eg skal spandere litt tørr kaku, frukt og grønt som ekstraservering.

Restribbe

- Kan du kome og vera med å eta opp resten av ribba - var meldinga som tikka inn på mobilen. Eg svara ja
Det var fleire munnar som skulle vera med å få ete opp julematen... Og vertinna hadde funne ut at kanskje det kunne bli for lite, slik at ho hadde fyllt på pølse og kjøtkake. Og laga stor skål med tilslørte bondepiker. Julestemning sjøl om det var 13.dagen.

lørdag 2. januar 2010

Spor etter nissen

I klart, fint måneskinn når temperaturen kryp under 25 minus, kan du kanskje sjå nissen som er ute på ski. Eg fekk fotografert berre sporet etter han...

Nyttårspøkelse?

Varga var redd, og nissen illsint. Makan til spektakkel er det eit år sia dei hadde høyrt, båe to. Dei er klart i mot slikt forurensing. - Om det er så at folk har så god råd, så kan dei gjeva bort pengane til einkvan som treng dei, som til dømes Frelsesarmen, sa nissen og drog lua ni augon og gjekk inn att for å trøste Varga.