onsdag 31. mars 2010

Påskelam

I dag stod påskelammet på menyen

Ragnhild satsa på poetmosen og tykte det smakte fortreffeleg

og Punky hadde lykkestund med resten av lammet

tirsdag 30. mars 2010

Morgostemning

Jammen sove nokså godt og er messom litt nokså i søvne..

God morgen med eit smil

søndag 28. mars 2010

Fangabån

Jo fekk også påskegjest, eit skikkeleg fangabån...
Punky tykte det var heilt topp å kunne få slappe av i sofa.

Påskegjestar

Skive med verdens beste G 35 frå produsent 164 Lom og Skjåk,
seier Ragnhild og legg inn litt kveldsmatSigrid satsar på mammapupp til kveldsmat etter ligge-på-magen-treninga

søndag 21. mars 2010

Ferdig

Nissen ville også ha ein, den saka var klar etter inspeksjon av fellen som kom i hus etter endt kurs. Men han ville ikkje ha ryper, men eit bilde av seg sjøl.
Dette blir noko å tulle seg inn når minusgradene bit seg fast att, om vel eit halvårs tid. a

Siste kursdag

Kursleiar Sandra hadde ei oppsummering av viktige tipsa,
medan ho førebudde sauming av ein fell som var tinga ferdig til påske.
Skinn på skinn...

Motiv-vala her mange, her skal det bli sitteunderlag

Ein gyngestolfell med rein og rype

Denne skal også til ein gyngestol

lørdag 20. mars 2010

Skinnfelltrykking

Skinnfellkurset går sin gang, i dag var dagen for å trykke.
Etter mykje att og fram vart rypa motivet ved sida av borden som er symbol for vatn.
Mange ryper, etterkvart vart det ein heil flokk.
I morgo skal "brurekanten" på.
Når fellen blir kanta med skinn, da er han ferdig!

søndag 14. mars 2010

Argon - ny og nett

Dette sjarmtrollet av ein lapphundkvelp møtte Varga og meg då vi skulle vitje naboen i ettermiddag. Ola var heime og hadde med seg Argon. Varga vart paff...
og ville slett ikkje vera med å leike seg.

Argon tykte at Varga var kjedeleg og dum
og lurte på om det kunne vera noko å angripe denne lodne dyret...
- Kjempemoro og kan dra alt eg kan..
Knurrar ikkje!
HERLEG!!

torsdag 11. mars 2010

Skinnfell

Sjå der! Nissen nikka tykte at prosjektet å sy skinnfell er topp.

Etter ein kald vinter der det har kaldt for både nisse og folk er det lurt å tenke på neste vinter sjølv om det går mot vår. Skinnfell av villsaulam er saker.....

Og da eg fortalde nissen at fellen skal ha dekor av vømmølsau me masssse krosssidollar, sprang hanstad og starta Spotify og leita fram Vømmøl Spelmannslag.

Tøyr tærer på vinteren

Tøyr - og ikkje minst varmegrader om natta gjer kål på vinterskjønnheita som is og snø

Isflak på veg nedover vassdraget. Nå er det vår og snart kan fiskestanga fram.

onsdag 3. mars 2010

Badebombe i Bærum

Varga ga fullstendig blaffen i badebombe - å kvile etter skituren var best i sofaen

Ein tur til butikken til Lush hadde medført innkjøp av badebombe, og eg ville prøve dette

Eg si berre; prøv ei badebombe sjøl. Det er mykje å velgje i! Du finn linken her

Det var ikkje berre badebombe som hadde vorte innkjøpt.
Shampoen frå Lush var verkeleg topp.
Og i fast form blir det ikkje så mykje "artig" kjemi!
Eg er sikker på at vi må unngå parabener når vi kan, men det er ikkje lett. Derfor er det ekstra fint når det er produsenter som seriøst lagar produkt med minst mogleg kjemi.
Det er ikkje sikkert at eg treng balsam heller, når såpa er naturprodukt.
Neste gong skal prøve såpa som er både shampo og balsam.
Eg kjem til å handle meir av produkta som finst her.

Vinterferie og skiferie i Bærum

Skiføre, nesten ein metet djupt, pregar vinterferiestaden Kolsås
Sol, gnistrande føre, det er lette å smørje. Det er milevis med skiløyper å velgje i
Oi - nedtur! Varga og eg har vinterferie i feil veke
Sørsetra har ope i helga
Da kan vi eta nista vår i solveggen!
Løypemaskina, Varga tykte dette var eit nokså otyle fartøy
Men jammen vart det fin trase attende til Sollihøgda