mandag 29. juni 2009

Roseduft i varmen

Desse er også på sitt vakraste i desse dagar

Raud og kvit kløver

To raude og resten kvite, klart det dufter godt i varm sommar.
Her har humla mykje å arbeide med.

Ruskeslått

Perfekt temperatur å ta ruskeslåtten! Når sommarnatta er ljos og fin, er det greitt å ta eit tak med litt arbeid. Det er for varmt å sove og når denne jobben er gjort, kan naboen sitte i skuggen i morgo. Dersom varmen fortsett...

Varm sommar med god høytørk

Det har vore og er framleis eventyrleg sommar med ein utruleg varme. På den høgst uoffisielle graderstokken min er det framleis 19 varmegrader og klokka går mot midnatt. Vatnet susar og brusar i alle elvar og bekker. Det er i alle høve prima høytørk. Grannen min, Jarleif har fått inn mykje godt tørrhøy. Siste stykket vart bunta i dag. Nå må han til med vatning, vassvogn og spreiarar er heilt naudsynt her som det er sparsamt med nedbør.
" Gje Vårherre oss sol, skal vi sjølve halde væte" heiter det her..Beitande bufe i trædet og høyonna snart til endes. Det er sommar.

Varm Varga

Ikkje så glad

Tusen takk for supergod hjelp, du redda dagen min og æra til hallingdølar.


Eg vart ikkje det minste glad då eg skulle heim frå NM i folkemusikk på Gjeilo. I den ljose sommarnatta hadde ein eller annan - eller kanskje fleire mora seg med å tømme dekka på høgre side for luft. Vidare var lakken opprispa på båe dørane på høgre side. Men det likaste; på taket var det innrispa eit mobilnummer, her vart det tilslag på 188. Mobilnummeret på panseret var det ikkje treff på, sikkert eit kontantkortabonnement. Lensmannen tykte det var greitt å få desse nummera.


Det som redda dagen var supervelviljug frivilligmannskap som tok opp mobiltelefonen sin. Om nokre få minutter kom Jon Åge, vakthavande ved Hallingdal Kraftnett, som ein reddande engel. Han sjekka også om ventilane var i orden, lurte på om det var diesel på tanken og ynskte meg ein god tur heim.

søndag 21. juni 2009

Livet er utforsking

Liten og lykkeleg!
Varga og eg fekk besøk i dag, gjesten heiter også Varga
Erter gammelVarga alt eg kan...

ops, det vart vel mykje!

Tør eg dette, tru?

Deilig med sur elgfot!
Så moro å angripe presenningen!

Kva er dette til dott? Kan eg øve meg på å buste, tru?

Riste alt eg greier....
Supermoro!

lørdag 20. juni 2009

Sotajazz

Sotajazz er musikk og natur, denne gongen med spanande blomstervandring oppover lia. Alle som stilte opp, fekk med seg eit hefte med foto av blomar. Blomar som ein skulle sjå om ein fann på vegen oppover frå seterstulen. Her er det fjellkjørra (betula nana) som blømar.
Den yngste på turen var ikkje så nøye om han fann blomane, han var godt tilfreds med å få skyss i bæremeis.

På ivrig blomsterjakt.

Ei rosa prinsesse var også med og leitte etter blomar,
ho tykte at skogstjerna var flott

Oppover - oppover...

Rikard er glad for å få spele litt, det var han som bestemde når det skulle bli pause. Når han var sliten av å bera på fela, var det pause.
Dette må vera slik som kallast "buskspeling".



Her er det klart for matpakke og musikk i det fri
før alle gjekk ned til Sota seter att.
Der vanka det kaffi, is, middag og premieringa av blomsterjakta.
Til sist vart det konsert med Trond Bersu Band.


onsdag 17. juni 2009

Spildreflaten

Utsyn frå Spilderflaten.
Det var målet for turen vi på skulen gjekk i dag den 17. juni.
Fly?Dans eller skyggeboksing?? Vel sjøl!

fredag 12. juni 2009

Hakkebakkeskogen i Bismo















10. klasse hadde i kveld førestillinga "Hakkebakkeskogen".


Det var deira tolking av liv og leven i Hakkebakkeskogen som vart framsynt i Bismo. Regien var ved Aud Hove, det er stort kva ho får lokka fram av song og skodespelartalent i ei elevgruppe.


Eg hadde invitert "Lalmsjentene" to supre jenter som eg er gammeltante til. Dei to, tykte at Hakkebakkeskogen var litt skummel og litt tøft og svært spanande. Etterpå vart det foto av dei saman med bestemor Skogmus.

mandag 1. juni 2009

Vår på yste Reset

Tysbasten (Dapnhe mezereum), vakker, velduftande og giftig blømer til høgre for råket like før Ærsjgrova
Yste brua

Vårvatn i råket

Isakbue er fast pustepauseplass


1. pinsdag, sol og vår på yste Reset i Lundadalen. Der er det vakkert heile året, men ekstra stas når lapprosa blømer.

Lapprosa (Rhododendron lapponicum) er kravstor på veksevilkår, og her er dei ei smal stipe der ho har funne seg til rette.


Blålyngen (Phyllodoce caerula) er også i gang med å farge fjellet med dei lillarosa blomane sine.


Den vakre, skjøre blomen til rypebær ( (Arctostaphylos alpina) er også på Yste Reset som så mange andre stadar i fjellet.Rypbæret blømer før blada er komne. Det er på slutten av den bløminga.

Fjellkjørra, kjerringris, dvergbjørk (Betual nana)

Gullmyrkleggen ( Pedicularis oederi). Det er fyrste gongen eg har sett denne blome så tidleg på våren.
Nå er det Noreg atter vår