lørdag 30. april 2011

Vårvakkert Lendfjell



Den som er sterk til å bera ski, kan framleis finne skiføre opp Lenda for å kome seg oppå Storivilen, mest kjend som Lomsegga.

Våren er komen til fjellet. Over heile Skriuhaugen bloma mogopen. Det er berre å gå inni å sjå. Mogopen er vakrast i fjellet- der han høyrer heime.

Våryr vier

Krekling er bær...

kor mange har lagt merke til blomen+

Her er han.

Kreklingen er tidleg ute, sommaren i fjellet er stutt og bæra må rekke å bli modne










fredag 29. april 2011

Fantasktisk G 35

I London var det prinsebryllup, i Marlo grendehus hadde Gudbrandsdalsosten sin store festkveld. Ettersom Tine bestemde seg for å halde fram med produksjon av verdens beste Gudbrandsdalsost ved ysteriet Lom og Skjåk, produksjonsnummer 164, var det duka for fest. Alle var invitert - og folk kom. Etterkvart vart Marlo grendhus fyllt til randen.

Dei to ordførarane, Simen Bjørgen og Rolv Kristen Øygard var kveldens vertskap og dei kunne by folk på eit fantastisk matbord - der rauosten, eller rettare sagt Gudbrandsdalsosten hadde hovudrolla.

Men før gjestane kunne ta for seg av matbordet, kom størsten G 35 inn! Fire mann bar osten mellom seg. I løpet av kvelden vart det avslørt at G35 er 150 år i 2013 og då er det planer om ein endå større ost1 I løpet av kvelden kunne alle høvle seg nokre skiver av fersk ost.

Så kom rømmegrauten inn. Grauten var kokt i ei av grytene på ysteriet. Ysteriveteran Erling Synstnes hadde stått for kokinga. Ved sida av grauten var det avletter og eit breitt utvalg av brød frå Bakeriet i Lom. For det var ikkje berre rumgraut på bordet.
Arne Brimi har vore med som frontfigur i kampen for å behalde Gudbrandsdalsosten i Gudbrandsdalen. Han har utvikla fleire godsmaker der G 35 er ein viktig del.

Arne Brimi sa at kvalitetsproduket G 35 er ein del av kulturarven vår som vi skal ta vare på og bera vidare - og osten er ein del av identiteten vår. Dette kan vi vera med på alle saman.


Desserten var laga i ekte Naturens kjøken ånd. Desserten var kokt ute!

Blåbærsupe kokt av fløyte og G 35 - det er desserten som fyller opp heile dessertmagen!

Til sist vart det kaffi med solid biteti - ferkst mjukbrød og slagje storrumbrød med raudost på.

Elisabeth Hartmann har også vore svært sentral i arbeidet med folkeaksjon for G 35. Ho poengterte at G 35 og mjølkesjokolade er dei to produkta som nordmenn identifiserer som smaken av Norge.

For dei som ikkje var for stappmette - vart det dans etter bandet G 35 frå Gausdal.

mandag 25. april 2011

Våreingjering

Det er heilt perfekt med varm og vindstille dag når arbeidslysta tek overhånd. Gevir, hyller, korger og vinterdekk har fått ei kjærkomen runde med kost og såpevatn. Godt å vera i gang med våreingjeringa!

søndag 24. april 2011

Ute til lufting

I dag vart eg motivert for å byrje med opprenskinga etter at jordtaket vart kasta ned. Den gamle taktroa er heller "rustik", og eg var for sløv til å rydde unna og å pakke ned.
Derfor kom denne gjengen ut til støvsuging og lufting. Varga knurra og reiste bust. Ho roa seg når ho ikkje fekk respons. Varga gjekk ein tur til naboen og håpa at dyra vart borte att...

lørdag 23. april 2011

Fart utan bart

Klar - ferdig - gå
Det går an å ha fart utan bart!

Nå - kva tykte du om trikset mitt?

Ut etter ein lang vinter

Endeleg er dagen komen då kyrne får ut etter ein lang vinter. Enn så lenge har bror min krøtter, til og med mjølkekyr og eg går nødig glipp av dagen då kyrne blir løyst ut.
-så deilig å finne att klø-treet

- vil ikkje du vera med å springe og?

Litt av dagen vart også bruk til å finne ut om kven som var sterkast etter vinteren

torsdag 21. april 2011

Middag på Fossheim

Fossheim hotell i Lom annonserte i Fjuken at på menyen i påske stod "Bygdameny" skjærtorsdag, påskebuffet langfredag og 4-rettars Påskekveldmeny om påskekvelden. Vi la i veg i kveld. Det er berre å slå fast at maten er prima. Byrja med grava laks med tilbehør, deretter fiskesuppe, så entrecote av kalv og avslutning med creme brülee og ei skål med ein sorbet som låg på appelsin som hadde fått behandling av kokken. Eg kom til desserten før eg kom i hug å fotografere!
Middag på Fossheim Hotell i Lom anbefales!!!

onsdag 20. april 2011

Dagar fulle av opplevingar

Oi - ei ekte mårpysje!
Blir så tyst av saltmat! Desse større glas, dess betre drikke.


Hei - kva er dette? Skal det vera noko pålegg?

Dette er moro!

Her er dagens vinnar - ny bil!


Idunn på Kolsåstoppen

Medan mamma og pappa pakka for den store Maui-turen, tok Idunn og eg ein tur til Koløsåstoppen. Varga var også med, og Idunn lurte på om Varga kunne få den siste skiva.
Etter skive er det godt med godt vatn



Sjekk av utsikta


Og så litt klatring til slutt



Før turen gjekk ned att - med solbriller og i bæremeis

Etter ein slik tur gjer det godt med middag, i dag spagetitt i tomatsaus.

fredag 15. april 2011

Tett tak

Tett og isolert tak! Nå kan snekkeren ta velfortjent påskeferie.

torsdag 14. april 2011

Dette går unna

Nytt tak er snart ein realitet!

Nytt liv, det er vår

Det er verkeleg så bjøyllgeita spør om vi tykkjer barna hennar er fine. Det er tid for nye liv, og hjå Margun har allereie fire geiter fått kje. Nå er det berre å vente på at det blir grøne livgjevande knoppar på tre og buskas. Det er nam-nam for geiter.

onsdag 13. april 2011

mandag 11. april 2011

Snekker i siluett

Eit perfekt motiv i morgosola. Her skal gamle vindskia av
Oi - her vart det litt for mykje ljos til at snekkeren er i siluett
Støvsky når siste rest av kvabb vart fjerna frå taket.

Taket tek form

Dagens morgofoto Det vart att ein del kvabb. Snekkeren spote unna så j ordskya stod rundt han. I dag var det ikkje vind!
Snekkeren har avslutta for dagen.
Innomhus hadde inntallatøren vore på ferde.

Gamal installasjon låg i ein fin kveil.

søndag 10. april 2011

I dag vart det smusstillegg

Det starta med nytt golv, nå er det snart nytt tak og.

I dag skulle jord og torv av. Det starta fint. Vindstille og mildt.

Under kvabb (fin leirjord) og torv er det never. Flak på flak. For eit arbeid det måtte ha vore, den gongen det skulle på. Snekkeren sa at neverlaget, som ligg nedpå taktroa berre skulle liggje. Frå inne ser ein never mellom sprekkane i taktroa. Ho er rett så "rustikk". På ettermiddagen kom vinden. Det bles og fauk. Vindflogene tok med seg både jord og neverflak. Det stilna til kvelds. ¨Får håpe det meste av neverflaka fortsatt ligg der i morgo. Etter endt dyst i jorddrevet, vart det i kveld innvilga smusstillegg. Men det var endå betre med ein dusj.

lørdag 9. april 2011

Helg med G35 og slagje storrumbrød

Brett med egg, hane og høne, ferskt slagje storrumbrød og ein raudost. Det går mot helg. Og ei eftasstund til å fare over listverk med kvistlakk og grunning

fredag 8. april 2011

Pirkearbeid i dag





I dag har det vore ruskelugumt ver, det har vore kolonnekjøring på rv 15 Skjåk-Stryn.

Da var det perfekt å ha att pirkearbeid. Å kome innåt ein tømmervegg er krevjande pirkearbeid.

Handarbeid og fagarbeid.


Det blir nok ein del måling på meg til slutt.