søndag 7. april 2013

Etter-påsketur til Glitterheim

 Kvar er Glitretinden?
Glitterheim hadde annonsert med "Bygdahelg" og vi var mange,  både store og små som ville oppleve ein etterpåske.   Vi vart henta i Veolia og det var tid til "å sjå seg rundt stopp" på turen innover.
Taket på den gamle steinbua var synleg,
Vi vart innlosjert i det moderne Glitterheim.
 Natt til laurdag bles det ein del, men vi la i veg med Glitretind som mål.

-Kvar er matpakkka?  Ein rast før vi møtte vinden og veret tetna til. 
Det vart såpass lite sikt av i valde å renne ned til Glitterheim.  
Ingen vits å gå på toppen når vi knappast såg kvarandre.
Og nede ved Glitterheim venta eit vakkert skue.
Tamreinsflokken til Lom tamreinlag. 2400 dyr.
Flokken vandra vidare og vi vart bedd til bords. 
Om laurdagskveldane er det rumgraut og spekemat på menyen.  All spekemat var heimlaga  -  i Glitterheim  -  og av suveren kvalitet.
 Sundagsmorgon var slik,  men det fekk så vere.  
Vi skulle berre heimatt gjennom Veodalen og ned til Veolia att.
 
Etterkvart fekk sola overtaket.  Det vart ein fin tur fram til vegen att. 
Glitretinden står der endå  -  eg får prøve meg på topptur att sia.