mandag 26. desember 2011

Juleskyss

Fint folk i farta!

Jul

 Årets julemjukbrød,
 Med sylte på!
 Må sjekke kva Fantorangen driv med!
 Julekveld og Disneytid  - her med Lady og Landstrykaren.
 Fått pakka opp og montert storpakka frå onkel Jo.  Eit kjøkken med alt som trengst.
 Raud saft og tørrvafler frå farmor i Bergen.
Ekte smør!!

I gammel kjole

Idunn poserer villig i ein noko for stor kjole -  ein kjole som er over femti år gamal.  
Han var sydd til meg,  den jula eg var tre år.

Julekunst

Det blir ein kreativ, skapande prosess når det er veslejulkvelden og fingermålinga er innan rekkevidde.
 Så er det å klaske nedpå båe nevane likt!
Tja  -  skal det på meir farge tru?

fredag 9. desember 2011

Det lyser i stille grender....

 Det går mot tredje sundag i advent.  Så langt har det vore ein rimeleg vinter!
Det gjere  godt å ta seg ei lita pause i skumringa og tenke på kor heldig eg er med livet og sånn!

søndag 27. november 2011

Skarpklatring på badet

 Kjedeleg med denne bleieskiftinga..
 Berre vent til eg får skifta tak!
 Oppe!
 Berre vent mamma,  må snu meg til!
 På toppen -  hurra!
 Hoppe1
Gjekk bra denne gongen og!

Kunst

Fingermåling -  da blir det bra kunst!

Fyrst snippe og så trening

 Snipper er flott dopingmiddel  -  det er til og med lovleg.
 Ens på!
Jippi!

Handel i Sandvika

 Da var det vel alt??  Det er stort arbeid å vera medhjelparen til nissen.
 Da er det å få med seg pakker til lageret,  der nissen kan hente det som trengst julekvelden.
 Klar for meir handling på Sandvika Storsenter  -  det er eit akebrett i sikte!
Jammen smakar det godt med is etter ei runde gjennom IKEA.  På tide å reise heim,

Borte bra, heime best

Dei to som gjerne ville vera med på bytur,  vart nokså fortusta.... Burte bra, heime best, tenkte dei.

onsdag 23. november 2011



6 minutt med reklame for Valdres!  Sjå at du har tid til ho!

Råkåfisk og mjukbrød

Skal bli godt med råkåfisk og mjukbrød!
Kan du ikkje setja på sangen om Råkåfisk og lefse mæ?

mandag 21. november 2011

Skeptisk..

Skeptisk... ha det vore betre med råkåfisk, tru?

søndag 20. november 2011

Vart sett i arbeid

Jauda,  dei kom inn.  Og vart sett i arbeid! 

Hålt føre

 Kan vi få kome inn  -  det er så hålt og travale føre?
Det er visst skirenn på TV....

søndag 6. november 2011

Glad jente

Det er ein månad sia sist eg besøkte Idunn og ho er nå berre glad og strålande. 
Ho er svært glad i mat, og å vera med å lage middag er topp.  
Fiskebollene er handplukka 
 og smaktesta innan dei kom opp i gryta
 Slapper av med laurdagsgodt og Fantorangen på TV
 Full fart i Hawaii-hatt og ullkjole
 Mjukbrødbeta med salami 
 - greier eg heile gula i eit jafs.   tru??
Og så sundagstur!

Bærums Verk er ein vinnar

 Å legge turen til Bærums Verk er ein vinnar
Det er opplevelser både ute og inne
Stor elg
 Vinkane pingvinar
 Så  fort at det skvett rundt føtene
Fint å kunne teste fargene før ein kjøper

tirsdag 25. oktober 2011

Vakker oktoberkveld

Både i gårkveld og i kveld har eg drivi og rydda ute - eg ventar på vinteren.  Då eg fekk strekt på presenningen på resten av veden, den haugen eg ikkje fekk, inn måtte eg setja meg og sjå på utsikten vestover!

lørdag 15. oktober 2011

søndag 9. oktober 2011

Meir haustferie

 Sjølv om haustferien er ei veke så er det mykje ein må få gjort.   Teste ski....
 Spele og synge ein trudelutt
 Råkjøre ei runde eller fleire!
 Spasere litt på Bærums Verk
 Pause i parken med ostepop
 Langt å gå 
 Full fart gjennom haustlauvet
 Svømming i badekar
 Matpause
 Sjekke kunstutstillinga
 eller vassdjupna...
 Frukosten er snart klar
 Speilegg fungerer godt som fngermat
Så er det full fart....
Og slikt går dagane i ferien.