onsdag 30. september 2009

Hol i veggen

I dag skulle det lagast opning mellom gammelstugu og søre stugu som er av nyare dato Ein heller omfattande operasjon.Ovnen og mur måtte fjernast

Her er han på veg ut.

og naboen tok ein tørn med vinkelslipar bak plasten

etter endt dyst

snart ferdige

nå er all brannmur ute

vater - da blir det beine strek å sage etter

stygt leven i motorsag når ho blir brukt inne

sleggeslag frå andre sida

tømmerveggen må gje seg

spikarslaga tåler ikkje sleggeslag dei heller...
Ut med stokkane.
Neste steg i prosjektet er å få til pen overgang mellom dei to stuguane. Det blir ein annan dag.

mandag 28. september 2009

Har lagt opp

Sjølv om Varga har lagt opp som jakthund, måtte ho berre dra inn alt vèr som kom stykande frå skogen, noko artig måtte ho gjera. For å vera med på plukke tyting er PYTON!

torsdag 24. september 2009

Fårikåldagen

Fårikåldagen 2009 vart markert med fårikål
servert på Kjell Løkken keramikk,
og eplekompott servert i stettfat

til gode venner direkte etter arbeid.
Det er supert med fårikål som kan kokes dagen før og varmast opp neste dag.
Middagen blir klar medan mandelpotetane blir kokt.


Og når middagen er lam som har livt på frodige utmarksbeiter, kan blomsten på bordet godt vera eksotiske. -Dette er Afrikas nasjonalblomst, sa Mariann på Blomst og Dekor.

Ho meinte elles at kål måtte vera perfekt bordpynt på fårikåldagen.

Og denne ville helst halde til ute,

sjølv om han i kveld fekk vera inna ved sida av nye lykta.

søndag 20. september 2009

Potetonn

Mandelpotet så langt auga rekk. Naboen har mange, lange rekkjer.
Med godt haustver og kaffi i økten er det faktisk ganske triveleg
å vera med å plukke potet.
Gode poteter er god mat.

Vargas varierte verden

Varga har varierte dagar. Ein og annan dagen ligg ho i sofaen. Andre dagar under verandaen. Andre dagar besøker ho naboen. Det er heilt topp.
Det er også heilt topp å få bogbladet frå ein rein.
Tyting er ikkje fullt så topp. Betre med blåbær og bringebær.

Topp med fjelltur. Aursjoen i bakgrunn.

søndag 13. september 2009

Tremila for 33 storfe

Det er nok ein gong haust og tida for å få storfeet heim att frå fjellferie.
Det er viktig å få kryssa av på lista at alle er på plass og klare for den lange turen heim.
- har du fått registert meg da?

Over nørdre Grotåa

Snart på setra, og det blir kvil natta over, i morga står tremila for tur.

Starten gjekk kl 09.20
Ved Festarstein
Solhell
Ned gamlevegen gjennom Svartlia
Ned gjennom skogen frå Rådsbakken

Nå er det att berre nokre få kilometer...
I mål kl 17.30

mandag 7. september 2009

Blokkebærsyltetøy

"Ein god dag kjem aldri forseint" står det på ein kjøleskåpmagnet eg har. Denne vart plassert framfor skåla med varmt blokkebærsyltetøy. Dette skulle testast på valnøttbrød frå Bakeriet i Lom. Etter det eg har lese og høyrt om bæra, stilte eg store forventningar til syltetøyet.
Men så langt, ingen annan reaksjon enn blå rundt truten. At blokkebær virkar på lyst er nok oppskrytt. Men kanskje det vart feil å koke bæra med vaniljestang og å ha oppi sukker?
Beate Slipher skriv i boka si "plukk ville vekster" at ho heller ikkje hadde funne nokon afrodidisk verknad eller nokre munnfullar med bær. Derimot skiv ho at det syltetøyet hevar fint smaken ved ein viltmiddag, og det passar til røykt og salta kjøtt.
Da får syltetøyet ein ny sjanse; det skal bli servert attåt reinskjøtt!

søndag 6. september 2009

Vombstøyte, eit nisjeprodukt

Det vart bærtur i dag, i alle fall tok eg med ei bøtte. Og der var det mykje blokkebær, eller vombstøyte som er det lokale namnet. Og ettersom eg var i randsona til nasjonalpark, og nasjonalpark skal vist stimulere til næringsutvikling, kom eg til å tenkje på kva eg har lese om skinntryte. Blokkebær har ry på seg for å virke svært så stimulerande på forplantningslysten. Her er det eit klart potensiale for eit nisjeprodukt med nasjonalparkstempel. Bøtta med bær står på kjøkkenbenken. Nå må eg lesa litt meir i boka "Planter og tradisjon"av Ove Arbo Høeg. Kanskje det er endå fleire verknader å kunne markedsføre.