mandag 20. mai 2013

Telefontesting

 Så hadde eg endeleg skifta mobiltelefon.  Da var det fint å ha Idunn som modell-  Eg må nok ordne lasteplan på bilen - helst ei dumperkasse, ettersom vi driv transport av stein og kvist.  
 Vi la turen til naboen.  Idunn var fort frampå og skulle prøve mjølketrilla.  Ho fann ut at ho var for tung, enda...
 Det vart tid for kattekos før vi gjekk for å sjå på sau og lam.
- kven er mest spent, tru?
 Versågod,  lille lam!
 Marsmallowgrilling saman med onkel Jo
 Perfekt!
 Dans etter å ha raida smykkeskrinet til besta
Sjøl fine frøkner blir lortåte på fingrane.

søndag 19. mai 2013

Dåpsdagen til Thea Sofie

Dåpsdagen var så varm at Thea Sofie slapp å ha på strømpebukse,  det var så varmt det var nødvendig å få lufta tærne under dåpskjolen
Storesyster Ida Charlotte var med å organiserte serveringa
 Thea Sofie glytta på gjestene
 Ingrid Lovise og Idunn storkosa seg
 Styrkelyft!
 Kos
 Supergod sjokoladekake!
 Oldemor Tora med alle dei fem oldejentene sine.  
Frå v Idunn, Edel Marie, Thea Sofie Ingrid Lovise og Ida Charlotte.
 Oldegut Estin hadde feber og var slett ikkje i form.  
Da er det trygt og godt på armen til pappa.
Bunadskjerringer

17.mai 2013

 Start på dagen er å heise storeflagget
Musikk
 Flokken min
 Iskø
Ein is i kvar hand
 Tid for aktivitet
 I full fart saman med pappa

 og mamma
 Test av skateanlegget
 Skal vi til restauranten på fjellet?
Flott lunch på Grotli Høgfjellshotell
 

Flagget til fjells

tirsdag 14. mai 2013

Bunadstid

 Bunader veks på trær... eller i det minste;  er ute på lufting!
 Den minste sydde eg til Jo Jakop i 1982  -  den største er klar til bruk nå i 2013.
Nytt -  klart til bruk!

søndag 12. mai 2013

Nytt liv av daude gror

 Eg trur jammen rabbane innpå Skriduhaugen er frostskadd. Frysetørka,  tenke eg.
Men som det står i salmen;

Det er vel fagre stunder
når våren kjem her nord.
Og atter som eit under
nytt liv av daude gror. 
E.Blix 1875

Ei tid er forbi

 Vedmod fylt turen vestover sist fredag. 

 Ærend for turen var å fyljge tante Mari til den siste kvilestaden. Ei tid er forbi. 
Dei gode minna som er knytt til tante Mari og flokken rundt ho vil alltid vera der. Å reise vestover for å besøke skyldfolk var sommarferien. 
Og det var alltid sommar. Det regna sikkert ein og annan gongen.  Det er sola eg hugsar.  Ljoset, lydar og luktar var annleis enn i fjellbygda Lom. 
Tante Mari hadde også raud Flammentanz-rose oppetter veggen på det gule huset.  Roser og gule hus var også eksotisk. Fjorden med flo og fjøre likeeins. 
Det er desse gode minne som gjer at eg alltid tenker vestover er ferie. 
 Romsdalen, på veg heim att.  Men eg kjem nok att. Vegen vestover må haldast vedlike. Nå blir det oss syskjenbarna som må halde tak i slektsbanda.