lørdag 28. mai 2011

Pirkearbeid

Alt listverk og pirkearbeid må vera ferdig innan eit proskjekt er heilt i mål, og motivet frå Tuss og Troll som var måla tidlegare var meir enn pirkarbeid å måle rundt... Dette var vindauga tidlegare og hylle var ein grei måte å nytte opninga på. Og fram til dags dato har det vore trekvitt

Kvistlakk, grunning og to lag med halvblank eggekvit...

Sparkling av spikarhol, pussing og måling av profilerte lister rundt vindauga vart berre peanuts!

Det som pressar prosjektet nå, er å få fargelagt den nye utklednaden.

fredag 27. mai 2011

Genbank i Bråtå

Det er suverent med venner som jordbærplanter til overs etter etter ein vinter der det meste av jordbær i heile bygda har frose bort. Reine "genbanken" - og dette er planter som har vore ute ei vinternatt før!

torsdag 26. mai 2011

Endeleg vindstille nok

Det har vore vind og ruskåte ver, så snekkeren har gjort unna innforing av vindauga og laga til takutstikk og anna "monke-arbeid" som å få på takrenner, medan han venta på såpass vindstille ver at han

kunne få på plass takplatene. Snart i mål, må mure høgare pipe før resten av taket er på plass.

søndag 22. mai 2011

Blomstertur i storformat

Laurdag 21.mai skulle grannekona og eg på blomstertur. Ein tur for å sjå på blomar i storformat.

Vi kjørte over Dovrefjell med nysnø i vegkanten, nedover Sunndalen til eit meir og meir vårleg og blomande landskap.

Målet var aboretet i Todalen, her er det rohodendron og trær som rår grunnen. Vi var vel kanskje litt tidleg ute, for dei fleste av rohodendronane stod med sprekkeferdige knoppar.

Vi fekk hygga oss med dei som er tidlegast ute med blomsterprakta si.

Lilla - fjøraktige blomar
Kvite, store klokkar


Små, rosa blomar

Store, rosa blomar.

Denne varianten her trivst nok godt i Todalen.

Det kom opp småplanter overalt. Kan si at dei veks friviljugt.

Vi tok alle trærne i nærare ettersyn og. Treet som heiter Apeskrekk vart godt studert.

Nålane på apeskrekken er kvasse som barberblad.

Du må kjenne sjøl for å forstå kor skarpe dei er.

Bambus er vel av dei mest rasktveksane. Vi såg på store kjempetuja, serbergran og bjørkelønn og endå mykje meir som vi gløymde namnet på med ein gong.

Vi kjørte via Isfjorden og besøkte ei studievenninne av meg.

Der kjem tulipanane att - friviljugt. Ho hadde også store rohodendron. Dette er blomsterprakt som slett ikkje finn seg tilrett hjå meg. Då er det betre hjå grannekona. Ho steller og ordner og pakker ned om vinteren...det er sikkert derfor ho har tulipanar som snart kjem i blomst..

Turen heim gjekk opp Romsdalen. Som vanleg, vill og vakker.

Jammen er vi heldige som bur i så variert land - og som har råd og høve til å ta ein dagstur på vel 70 mil.

17.mai

Jammen er det flott med 17. mai.

Vi kan vera takknemmelege kvar dag for at vi er bur i eit land med fred og friheit

Det er nå flott med drilltropp!!

lørdag 14. mai 2011

Lafteknuter



Avsaga laftehjørner... Dette måtte til når ny ytterklednad skulle på. Eg samla dei saman og fotograferte nokre av dei. Eigenleg var det nok eit større lyft, den gongen stugu kom opp på ein husmannsplass enn det prosjektet eg driv med - etterisolering.

fredag 13. mai 2011

Vår og heggen blømer

Vår
Vår

Vår

Snart fargelegging

Det går ein dag om senn til eg kan byrje med fargelegging av nye veggar

tirsdag 10. mai 2011

Ny vegg ute, gammal farge inne

Etter litt att og fram valde eg å halde fast ved den farga som var nyaste laget i gammelstugu. Det har vore både gult, gulgrønt og blått. Det vart slottsrosa, som farga heiter. Og då Jo kom heim, vart det måla fortare enn eg hadde tenkt
Ute driv snekkeren og får på plass den nye utklednaden. Så nå er det ny grubling; skal eg fortsetja med raudbrunt, eller skal eg nytte høve å skifte farge. Og til tilfelle; kva farge??

mandag 9. mai 2011

Kabelgrøft, straumen skal i jorda

Der er det klart. Nå kan Skjåk energi kome å få lagt inn straumen i jordkabel. Eg gler meg til dei legg om linja til naboen. Nå er stolpen midt i garden hjå meg.

Vår i fjøs og hage

Hei, er du du som kjem med tinta mi?
Vannvittig deilig!

Nå er vi klare for å springe!

Fort - fort

Juhuu!!!

Men desse er det ikkje lov å eta.. berre sjå og lukte på.

lørdag 7. mai 2011

Sliten pussemus

Pussemusa vart sliten og ikkje minst meg. Å halde i ei pussemus og fare over
Alle tømmerstokkane i gammelstugu tek på. Og om litt er det ny runde.
Eg må fylle etter sparkel både her og der...

torsdag 5. mai 2011

Ny vindauga kom i dag

Då eg kom att i ettermiddag, hadde snekkeren pakka ihop for dagen.

Og han hadde også pakka inn dei nye vindauga som var levert i dag.

Dette blir spanande!

Vindtettplate på heile gammelstugu.

Og på jordet i bakgrunnen går det tre store hjortar og beiter. I går kveld såg eg to elgar..

Det er vår, sjølv om det er surt og kaldt og med snøyrer på Lendhøa.

onsdag 4. mai 2011

Snekkeren på plass att

Etter påskepause og eit anna oppdrag så er snekkeren på plass att. Ens på, isolert og vindtett vegg- nå kan nordvesten berre kome til vinteren!

søndag 1. mai 2011

Ut til friheit

I dag skulle resten av "gjengen" hjå naboen ut.

Det var uvant med skinande sol, men dei summa seg fort og
gav gass gjennom garden. Det var så støvføyka stod!

Flott med uteliv og friheit

Uteservering er ikkje å forakte - det er for lite grønt enda.

Men det kjem med drivande ver!