torsdag 30. juni 2011

Ny dag, ny stand

I dag gjekk turen til ei av tallause strendene. Denne ligg nordafor Lahaina og der er det skikkeleg utbygt for turisme. Og turistar var det i mengder. Kvite som tydelegvis var komne, andre noko meir raude og andre skikkeleg brune..
Det er korallrev like i strandkanten slik at vi kunne snorkle. Første runda måtte eg ha skikkeleg support frå Brit. Etter at Brit og Vidar hadde vore ute og snorkla kunne dei fortelja at det var skilpadde å sjå, like inntil land. Dei var sikre på at eg kunne sjå viss eg gjekk å stakk hode under vatn... Og slik gjekk det. Eg stakk hugu under vatn og der såg eg skilpadda. Da vart eg så ivrig at eg snorkla på eigen hand.... slik nokre få meter frå land. Resultatet vart at eg såg mange forskjellige fiskar. Det er supefint når sola skin og fiskane skin i mange fargar. Eg har ikkje utstyr til å fotografere under vatn. OG så har eg raudaste ryggen i Haiku Road. Det er nok mogleg at eg skifte skinn....

Blomar i hagen her i Haiku Road

Blå blome - på eit tre
Raud blome på eit anna tre..

Dette er også ein blome på eit tre i hagen her..

Dette og

Og dette er ei buske... sjå nettinggjerdet bak.

Så kjøpte eg meg ein flora, og fann ikkje namnet på

andre enn den store, rare som heng ned...

Han heiter Hanging lobster ( Heliconia rostrata)

tirsdag 28. juni 2011

Akvariet på Maui

Fantastisk akvarium, Maui Ocean Center - og saman med ein strålande, oppdagande Idunn var det ein fryd å vandre rundt og oppdage... gule fiskar, mangefargafiskar, små fiskar, store fiskar, tunfiskar, gullfiskar, einhjørningsfiskar, oppblåste fiskar, haiar, blekksprut, skilpadder..
skate....



Sjå der! Ein liten ein...

Ny frukt - ny smak

Dragons fruit stod det på kassalappen. Flott, ikkje sant?
Lett, syrleg smak. Godt i varmen.

Solnedgang

Yeah - yeah - skal eg får drive her i sanden heilt til sola går ned!
Stille stund ved Stillehavet,

medan Idunn og eg undersøkte kva som kunne vera ni sanden!

søndag 26. juni 2011

Aprikos

Det er eit kollosalt utval av frukt og grønt her.

Det er likast å studere alt nøye med eit granskande blikk!

Så er det klemme-på testen...
Så er det å sette tennene i og smake.
God aprikos, faktisk prima!






Korrekt plassering

Sjå... der har du fått på deg solbrillene korrekt!

Ananas

Eg har lese i turisbrosjyrer at det blir produsert vin av ananas her på Maui. Ettersom vin og andre alkoholhaldige drikkevarer er vanleg hyllevare i alle matbutikkar, fann eg ut at laurdagskvelden var rette kvelden for ei flaske vin. Med ananas attåt. Tidlegare på dagen hadde eg vore innom Farmers marked og kjøpt ananas, 5 dollar for tre, store, søte ananas.
Konklusjon; ananas er best å ete....

lørdag 25. juni 2011

Bryllup på stranda

Idunn vart svært så spent på kva som

gjekk føre seg litt bortpå stranda...

Jau, det var eit bryllup med vigsel og middag etterpå.. Her var det skikkeleg gifting, brudeparet måtte bekrefte fire gonger til pastoren som hadde smoking...

Til venstre for sermoniområdet var det rigga bord og stolar. Grillsjefen hadde på hawaiiskjorte og ved sida av han låg ein mastiff med ei rompe som sikkert hadde vore av.

Grillosen dreiv over heile beachen og etterkvart vart volumet på musikken skrudd opp.

Det var ikkje små høgtalarar!

Vi reiste inn til Paia att og gjekk på Fish Market- ein matplass med godt ry.

Her er det fisk på menyen.

Kveldssteming frå verandaen her i Haiku Road.

fredag 24. juni 2011

Yoga - yes!

I dag har eg vore på den første yoga-timen min.

Beginners økt mellom kl 11 og 12.30 i dag...

Jammen gjer det godt å få strekt på skrotten...

torsdag 23. juni 2011

Maui sør

I dag gjekk turen sør på øya.


I 1790 var det eit vulkanutbrot der, og området er framleis lava-land. Vi parkerte ved


La Pèrouse Bay og gjekk langs stranda, det var trakka ein stig i lavaen.
Her var det utruleg flott.


Stillehavet kom rullande inn med kvite


bølgetoppar over turkis hav, blå himmel og steikande sol.
Ute i bølgane svinga surfarar seg....



og inne på land var det bukk og geit som regjerte. Det lufta geit etter heile stranda.


Bukkar med flotte horn, geit og kje i alle storleikar smatt rundt i lavasteine og vegetasjonen.


Ein perfekt stad å vera fri og vill geit!


Så vende vi nasen oppover langs kysten att og stoppa ved Big Beach.


Og dette er verkeleg ei stor strand med fin sand.


Her hadde hippiane storheitstida si på 70-talet.


Dønningane var store i dag, så det vart ikkje mykje bading i Stillehavet .


Vidar tok med Idunn slik at ho fekk bløytt seg.




Vi kjørde innom Wailea. http://youtube/SKJo2wWg63Q


Her er det turistverksemd for alle penga. Store resort- områder, velstelte parkar og barberte golfbaner.



Vi kjøpte oss is og var innom ein matbutikk og handla med oss


slik at dagens middag vart mellom anna ferske maiskolber med smør!




Det kan vera ein ide å laste ned google earth og søke på dei områda som eg skriv om, då vil du få betre oversikt over kvar vi fer.

onsdag 22. juni 2011

Nordvest Maui

Idunn er klar for biltur, i dag skal vi rundt nordvestdelen av Maui.
Kjeks og niste er gull.
Leige- Corollaen er klar for ein veg som er både smal og svingete. Vegen minna meg innimellom om vegen opp til Nørstedalsseter. Vegetasjon var sjølsagt annleis, men breidda og manglande rekkverk gav meg assosiasasjonen...Flott turistveg...


Maui-krøtter på beite.

På denne delen av øya kjem det ikkje så mykje regn, det er regnskugge.

Lurar på om det heiter saugjerde her.........

Som gode turistar må oss sjølsagt stoppe ved severdigheitar.

Nakalele Blowhole skulle vera nede her..


Jepp, her spyttar Stillehavet opp gjennom eit hol i lavasteinen.

- Såg du den???

Turen gjekk vidare og vi stoppa ved Honolua Bay .

Det er ein draumestad for snorkling. Idunn tykte det var stas å speide frå teppe sitt under eit tre. Det var både katt og høner å sjå på ved sida av mykje folk.


Brit og Vidar la i veg først. Det var heilt fantastisk - det fann eg og ut.

Brit var med meg slik at eg og fekk sett det yrande livet på og rundt korallreva.

Eg sleit stygt med å bruke froskeføtter... men etter gode råd og

trøstande ord frå Brit gjekk det seg til.

Eg vart etterkvar svært så ivrig.

Neste gong skal eg nok greie det sjøl. Trur eg.

Sjøl om det kjem lite regn på denne delen av øya, så var det meiningslaust

frodig skog mellom vegen og Honoluabukta.


Det var ikkje mange minutt å gå, men eg brukte lang tid.

Her var det lianer og hengane blad og busker overalt.

Det var planter som eg kjende att frå potteplanteutvalet i Skjåk og mykje anna grønt som eg ikkje veit namn på.. Men fint!

Brit kunne fortelja finst ikkjat det finst ikkje slangar på øya.

Da kjendes det trygt ut å sjå tilvers i staden for stigen og kvar eg skulle setja føtene.

Middagstopp i Lahaina, her var det servering med havutsikt!

Før og etter Lahaina har det vore storstila turistutbygging. Det var også tørrare, i åsane innanfor var det avsvidd, her er det lenge sidan det regna. Det er regnskugge som forslår. Eg såg også eit område med spreiarar på. Vatningsanlegg!

tirsdag 21. juni 2011

Ny dag på stranda

Idunn speider og sjekker forhalda, i dag ser det flott ut
for i dag skal mamsen ut på vatnet. Her legg ho i veg!




- Kvar vart det nå hav ho? Det er så mange utpå der...

Dagen vart avslutta på kafe, og Idunn dansa på bodet medan vi venta på maten.

mandag 20. juni 2011

Morgo i Haiku road

Det er tidleg morgon, eg måtte berre opp - opp for å sjå og høyre. Det er så definitivt ikkje Skjåk, eg er så langt frå heime som det går an på den nordlege halvkula når eg tenkjer på tidssoner. Når det går mot kveld og klokka er 19 i Noreg, er klokka 07 same morgonen her. Eg er tolv timar etter. Heime er det ljose sommarnatta - her er det mørkt og slikt som det regna i natt. Det er bølgeblikkoverbygging på carport og inngangspartiet, slik at det ramla godt når regnet kjem inn frå Stillehavet. Og eg ser Stillehavet her eg sit på verandaen. Det er grått utover havet, over hovudet mitt ser eg blå himmel. Sola får nok overtaket etterkvart. Det er eit yrande fulgeliv i blomstrande trær og i ein svært grøn og frodig vegatasjon. Ein lyd som eg høyrte på morgokvisten var kjent, var hanegal. Mange haner gol ivrig i dag tidleg - kykkelliky - eit signal om å stå opp.
I går såg eg Hawaai-roser som store trær, dei var brukt som hagehekkar, dei blomstra i raudt, rosa og gult. Det er trær av trillingblomster her og på landbrukslandet rundt boligfeltet her blir det dyrka sukkerrør. Beitande bufe såg eg også i går. I lia bak oss her blir det dyrka store mengder ananas.
På turen ned til stranda i går, vi var på Kanaha Beach såg eg området der det var heller tørt. Eg har drivi å lese ein guide att, og der står det at klima og nedbøren varierar. Høgaste fjellet her, Haleaka er over 10000 feet høgt. Der ser tørt ut på toppen...

søndag 19. juni 2011

Første feriedag

Etter ei lang flyreise kunne ei strålande Idunn ynskje meg velkommen til Maui
I leigd hus var det tid for frukost



Frukt med frukostblandig og yoghurt oppå - og her er det ku uttapå boksen. Det er altså mogleg å forstå at ku har noko med produktet å gjera.


Kvaliteten på anan as, mango og papaya er upåklageleg. Det er dyrka i nabolaget, og dermed fått modne på planta for innhausting. Frukta har ei sødme som vi ikkje finn heime - når frukta må modnast undervegs.


Så var det tid for strandliv



Skal si dei svinga seg fint i bølgane dei som vindsurfa og alle som kita


Eg var godt tilfreds med å plaske rundt på grunna og teste ut Stillehavet på den måten


Middagen var fiskeburger som var namna Obama




Idunn var stortilfreds med kafebesøk og hadde det svært moro med vatn med isbitar i medan ho maula pommes frites. Ein strålande turistdag!