søndag 24. oktober 2010

Strålande dotterdotter

Jammen er eg priviligert som kan møte ei strålande dotterdotter, her klar for kveldsbadet..
Det får da vera måte på pyjamansfotografering!
I fullt arbeid på "øya si" og UglyDoll- dokka vart både rista på og smakt på..
Turen heim gjekk med bil over Valdersflya, i dag med snø og isdekke forbi vandrarheimen.

fredag 15. oktober 2010

Stadig under arbeid

Det store haustprosjektet med å få på plass ny mur under gammelstugu er i mål. Det som da står for tur er endring av geografien rundt. I dag vart grovplaneringa framved veggen gjort. To bjørk og ei lerk laut også i bakken. Etterkvart skal det bli endå meir planering - håper at kong Vinter ventar ei stund til før han legg frost og skiføre på plass.

onsdag 13. oktober 2010

Vinterklar vassveg

Førre sundag fekk eg vite at det var min tur til å stenge utu vatnet i vassveita.
I ettermiddag tok eg turen inni Lendfjellet.
Der hadde det vore einkvan annan frå grenda og stengt utu.
Det vart ein fin fjelltur på meg - og eg sender ein takk til vedkomande.
Dette bildet er frå inntaket i Lenda.

torsdag 7. oktober 2010

Elgfall i dag

Varga og eg trekte nestøverste posten, det vi si vi var slik rundt trekvart oppover lia. Der var det vanskeleg vind, best som trekken kom ned frå fjellet, så kom han bak oss og vi vinda heile lia.. Via samband visste vi at det var elg i området... så small det eit skot
Det var Liv Mona som sat på nederste posten som hadde skote ein elgkalv. Nå har vi att berre vaksne dyr på kvota.

Jørgen kokte kaffi i dag og. Dagens metode for å klarne kaffien var å la kjelen koke opp sju gonger..
Varga var litt småskeptisk
- Kva gjer ein elghund med ein død elg??
Bustar, så klart!
Varga skjønte at ho eigenleg er elghund.
Topp tilstand
Slaktevekt 89,5 kg
Jammen eit fint kalveslakt

søndag 3. oktober 2010

Noko åttåt

Jaktlaget drog ut i dag - og det vart noko attåt for dei. Det var ikkje lenge dei hadde vore på skogen før dei fann ein bjørndrept elgkalv! Nå blir det elgjakt med noko attåt! Klikk deg innpå linken!

Ida Charlotte

I dag vart Ida Charlotte døypt i Vågå kyrkje. Ho var eit av seks dåpsbarn. Etter sermonien i kyrkja, var familen samla på Lalm samfunnshus. Triveleg å vera gammeltante til så blid og tilfreds jente

lørdag 2. oktober 2010

Elgjaktstart

Elgjaktstarten vart sondering, to stutte jag for vi kan ikkje drive for hardt. Vi skal da ha noko å gjera i haustferien. Terrenget er ikkje så stort. Vi satsa på lang kaffikvil. Jørgen gjennomførte det som han meinar er ei aparte god metode for å få god kaffi... Å føre ei brennande stikke frå bålet ned i kaffikjelen med det same kaffikorna var nedpå vatnet kome...
Han påstod at dette hadde han ikkje funne på sjøl!