torsdag 28. mai 2009

Tal dialekt, skriv nynorsk


"Tal dialekt, skriv nynorsk", denne kampanjen vart lansert fyrst på 70-talet. Eg var i min grønne ungdom og bestemde meg for at det skulle eg jammen gjera. Og det gjer eg framleis. Eg gjer så godt eg kan med å halde i hevd eit levande talemål der vi ennå har att nokre dativformer og reknar med tvæ, två og tvau.
Den 27, 28. og 29 mai har LNK landsting og årsmøte. LNK står for Landssamanslutninga av nynorskkommunar og årsmøtet var lagt til Hotel Aleksandra i Loen, Stryn. Eg var så heldig at eg fekk representere kommunen min på landstinget.
Klikk deg inn på linkane og du vil få vite meir om kva som gjekk føre seg.
Hotellet har ein flott hage, måtte berre ta nokre bilder, slik at du fekk sjå! Elles så kan du finne ut meir om hotellet ved å klikke på linken.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar