I dag skulle det lagast opning mellom gammelstugu og søre stugu som er av nyare dato Ein heller omfattande operasjon.
Ovnen og mur måtte fjernast
Skotårsdans på Moar
for 5 år siden
Sats på kvardagsgleda, det er flest kvardagar
"Ein god dag kjem aldri forseint" står det på ein kjøleskåpmagnet eg har. Denne vart plassert framfor skåla med varmt blokkebærsyltetøy. Dette skulle testast på valnøttbrød frå Bakeriet i Lom. Etter det eg har lese og høyrt om bæra, stilte eg store forventningar til syltetøyet.
Det vart bærtur i dag, i alle fall tok eg med ei bøtte. Og der var det mykje blokkebær, eller vombstøyte som er det lokale namnet. Og ettersom eg var i randsona til nasjonalpark, og nasjonalpark skal vist stimulere til næringsutvikling, kom eg til å tenkje på kva eg har lese om skinntryte. Blokkebær har ry på seg for å virke svært så stimulerande på forplantningslysten. Her er det eit klart potensiale for eit nisjeprodukt med nasjonalparkstempel. Bøtta med bær står på kjøkkenbenken. Nå må eg lesa litt meir i boka "Planter og tradisjon"av Ove Arbo Høeg. Kanskje det er endå fleire verknader å kunne markedsføre.