søndag 24. januar 2010

Dagens tur

Dagens skitur gjekk opp Lykrelia til Vikhøa. Å gå vidare innover vart berre kjeitt for Varga. Det er ikkje mykje snø, men det som finst er sundfrose og Varga buka alle stader. Derfor vart det pause og vi prøvde å slikke litt sol. Vi skimta ho bak skyene.
Heimvegen vart fotografert. Varga sprang og eg rende ved sida av og fotograferte i fart...
Fint trav
Her stoppa eg - men det gjorde ikkje Varga, ho dreia til sides og fortsatte nedover. Finfint å springe der det hadde vore kjørt med snøskooter.

2 kommentarer:

  1. Fint trav, Varga! Synes du det var en fin tur, eller var det bare langt og kjett...?

    SvarSlett
  2. Deilig å finne att bilen... det var kjeitt der snøen var slik at eg buka..

    SvarSlett