søndag 23. mai 2010

Dagens tur, denne gong i bil

Vakre Vestland var turmål i dag. Mor og eg starta i ti-tida, målet med turen var Tresfjord Trygdeheim der tante Mari og Lars bur. Heimen deira på Nerheim var ferieparadis for oss som kom frå fjellet. Her var det lydar og luktar som var eksotiske, Vestlandet vart ferieparadis - og det er det framleis. Også for mor er Vestland ferieparadis, når ho fortel om dei gongane ho og far var på motorsykkeltur. Dette var før eg vart fødd. Det var først på 50-talet med svingåte grusvegar og ho hadde ein Bergansmeis på ryggen. Seinare vart det turar med bil, og skyldfolket på Nerheim tok imot oss med opne armar. Eg hugsar den gongen, og den gongen...
Det er fint å kunne få kome innom trygdeheimen og helse på desse to heltane i livet mitt; tante Mari og Lars.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar