lørdag 21. august 2010

Haustprosjekt, fase to

Gammelkjellaren.
Her er holet ut heller avgrensa.
Prosjetet med å få tetta mellom dei to bygga har teke av. Eg har grave ute og skyfla ut masse frå inne. Og var nok litt i stuss om eg hadde kontroll på dette. Men kosa meg med å sjå på kor fine avsetningane i grunnen er.

I ettermiddag kom bror min for å sjekke korleis stoda var. Han kasta seg med iver og interesse inn i prosjektet med diverse handreidskap og stor drill. Eg fekk sommforklaring på at dette måtte gjerast skikkeleg, når eg først hadde fått opna opp ut frå gammelkjellaren.
Måtte passe på når det var så lett å få overflødig masse og steinar ut.
Han meinte at nå kunne eg lage meg ein skikkeleg vinkjellar.

Heldigvis kom naboen og. Og med felles innsats fekk dei stempla opp både under ein golvås og ikkje minst synnate veggen. Når naboen jekka så knaka det i laftet vidare oppover.

Her få søre hjørna hjelp til å kome i vater att. Over helga skal det opp leca-mur.

Så avslutta vi med nypotet og spekemat.

1 kommentar: