tirsdag 25. januar 2011

Geit på meyen

Det er leitt å ta fint bilde av middag på tallerken, det er nok ein spesiell profesjon å lage bilder til kokebok. Kokebok var litt støtte då geit stod på meyen. Det var vanskeleg å finne noko oppskrifter med geit, ein del hjå dansk geitunion. Berginga vart å tenke at desse geitene til
Margun har same menyen som vilt - og då var det lettare å finne noko å ta utgangspunt i. Ei noko modifisert marinade til vilt vart laga, mellom anna med viltkrydder frå Nordigard Aukrust. Etter to døgn i marinade var det tid for bruning og deretter i gryte inni ovnen. Etter tre timar i steikeomn og eit beger creme fraice og litt meir salt var det klart for geiteragu med mandelpotetmos og tytingsyltetøy. Marguns geit smakte fortreffeleg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar