lørdag 12. mars 2011

Prosjektiveren driv og vaknar

I fjor haust tenkte eg at 20 cm med glava, ville vera ein måte å auke varme og velvære i gammelstugu. Det stemde ikkje. Nå er glavaen ute att. For å si det; litt av ein jobb å klemme saman att glava att! Nå har eg tinga Moelven ferdigbehandla furugolv og ventar på snekkeren.
Han spurde om eg ville ha nytt golv i gammelstugu til påske. Og nå blir det nytt og skikkeleg. Gammelgolvet skal oppbrytast og ut. Heilt nytt golv skal på plass - nye bjelker, nytt stubbloft og varmekabler!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar