søndag 22. mai 2011

Blomstertur i storformat

Laurdag 21.mai skulle grannekona og eg på blomstertur. Ein tur for å sjå på blomar i storformat.

Vi kjørte over Dovrefjell med nysnø i vegkanten, nedover Sunndalen til eit meir og meir vårleg og blomande landskap.

Målet var aboretet i Todalen, her er det rohodendron og trær som rår grunnen. Vi var vel kanskje litt tidleg ute, for dei fleste av rohodendronane stod med sprekkeferdige knoppar.

Vi fekk hygga oss med dei som er tidlegast ute med blomsterprakta si.

Lilla - fjøraktige blomar
Kvite, store klokkar


Små, rosa blomar

Store, rosa blomar.

Denne varianten her trivst nok godt i Todalen.

Det kom opp småplanter overalt. Kan si at dei veks friviljugt.

Vi tok alle trærne i nærare ettersyn og. Treet som heiter Apeskrekk vart godt studert.

Nålane på apeskrekken er kvasse som barberblad.

Du må kjenne sjøl for å forstå kor skarpe dei er.

Bambus er vel av dei mest rasktveksane. Vi såg på store kjempetuja, serbergran og bjørkelønn og endå mykje meir som vi gløymde namnet på med ein gong.

Vi kjørte via Isfjorden og besøkte ei studievenninne av meg.

Der kjem tulipanane att - friviljugt. Ho hadde også store rohodendron. Dette er blomsterprakt som slett ikkje finn seg tilrett hjå meg. Då er det betre hjå grannekona. Ho steller og ordner og pakker ned om vinteren...det er sikkert derfor ho har tulipanar som snart kjem i blomst..

Turen heim gjekk opp Romsdalen. Som vanleg, vill og vakker.

Jammen er vi heldige som bur i så variert land - og som har råd og høve til å ta ein dagstur på vel 70 mil.

1 kommentar: