torsdag 1. september 2011

Alle på plass

 Kveldstur innover Smådalen for å salte krøtter og sjå til at alle er Grjotmellom gjekk i fin sol. 
Mykje av bjørka har allereie mista blada,  ikkje av frost men av sjukdom-  det er vel soppangrep. 
 Viss det ikkje er sopp,  så er det nok virus..
 Nr 114 orka ikkje å kome oppover til saltplassen, ho tykte at eg kunne koma nedover med ein smak til ho. Og det gjorde eg sjølvsagt!
Kari Ku var spent på om ho  måtte vera med heim  -  eller om det frie kulivet i fjellet 
kunne få vare nokre dagar til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar