onsdag 22. februar 2012

Hjå oldemor

 Vi skulle besøke oldemor og stoppa på Bergom og kjøpte kanelsnurr hjå Bakeriet i Lom
 Heldigvis rakk vi ikkje å ete så mykje av dei,  for når vi kom til oldemor var serveringa på bordet.
 Kjøttkaker på gaffel!
 Går an å eta kjøtkaker som fingermat og.  Og kjøtkake og raud saft smakte fortreffeleg.
 Plutseleg banka det på døra og inn kom tremenningane frå Lalm. 
 Idunn vart så glad at ho dansa rundt og rundt.
 Fire av fem oldebarn samla!
 Det var ikkje aldeles greitt med tremenningar.  Det vart kamp om tigeren.
 Men jordbærsyltetøy kurerte gruff
 når det rulla rundt på tunga og vart smaksanalysert.  NAM var konklusjonen.
Idunn og Estin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar