søndag 25. mars 2012

Oppvarming til påske

Då eg hadde gjort unna laurdagsvasken, kom påskehønene fram.  
Dei var i perlehumør og slo seg ned både her og der...
 Sundagsturen vart oppvarming til påske, sola skein og klister var det einaste rette under fjellskia.
Planen var å gå sepå masta på Uppnose,  men skia ville ikkje dit i dag. Dei var i påskemodus.
Dei ville gå mot sola. 
Klisterboksen var tom då eg kom til Reinsgarden.  Der vart ei mattugge og så fotografering.
Tverrådalskyrkja midt i bildet.
 Søte bygda -  Bråtåvatnet i midten.
 Meire fjell -  utsikt Raudalen.
Dyringshøa  -  jammen er det langt nordpå toppen,  høgste Dyringshø er 1814 m.o.h.
Det går an å kome seg dit og,  men da må eg starte frå morgon av.  
Og det er sikkert lurt med det som kallast
treningsgrunnlag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar